Kvinne skadd i ulukke

To bilar har kollidert.

Publisert 20.12.2017 kl. 17.33. Oppdatert kl. 18.26.

To bilar har kollidert på fylkesveg 55 ved Kvamshaugen på Hafslo. Ei kvinne i 20-åra skal vera skadd.

- Meldingane me har fått inn er at kvinna er lettare skadd, seier Magni Brandsøy, vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø. Helse Førde melder at ein person er sendt til Førde sentralsjukehus, medan ein person er sendt til legevakt for sjekk. 

Vaktleiar ved Alarmsentralen opplyser vidare at det skal vera svært glatt på ulukkesstaden.

Alle naudetatar rykka ut til ulukka, som vart meldt inn 16.32. Vegen er no opna att for fri ferdsel.


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida