(Illustrasjonsfoto)

Kvar tredje trur dei har køyrt med promille

I Sogn og Fjordane trur kvar tredje bilist at dei har promillekøyrt.

Publisert 16.12.2017 kl. 16.00.

Det viser Gjensidiges Samfunnsundersøkelse, som er gjennomført av Ipsos med 4.000 deltakarar over heile landet.

Undersøkinga viser at kvar tiande bilist i Sogn og Fjordane av og til drikk alkohol nokre timar før bilkøyring, og bereknar når dei er under promillegrensa. I tillegg viser undersøkinga at kvar tredje bilist kan ha promillekøyrt.

- Ikkje stol på rekneferdigheitene når du er på julebord. Drikk du alkohol, bør du la bilen stå. Og må du køyra heim bør du halda deg til alkoholfri drikke, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige i ei pressemelding.


Rus er årsak til halvparten av dødsulukkene

Menn er meir tilbøyelege til å drikka og køyra enn kvinner. Det er også klart fleire menn enn kvinner som trur at dei kan ha promillekøyrt.

- Sjølv med låg promille aukar ulykkesrisikoen kraftig, seier Voll.

Alkohol, narkotika og trafikkfarlege legemiddel er årsak til nesten halvparten av alle dødsulukkene i trafikken i Noreg, viser data frå Folkehelseinstituttet.


Ingen erstatning for promillekøyrarar

Kolliderer du etter å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand, kan dei økonomiske og menneskelege konsekvensane bli svært alvorlege. Ikkje berre for dei du eventuelt måtte skada, men også for deg sjølv.


- Kolliderer du på grunn av promillekøyring vil du normalt ikkje få noko erstatning på forsikringa i det heile. I tillegg får du eit erstatningskrav for alle skadene du har påført andre, både personskader og materielle skader. Dette kan fort bli millionbeløp, seier Voll.


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk

Siste saker Gå til framsida