Kurt lever vidare på veggen til Sander

Sander tek eit par riff. På veggen heng fleire bilete av Kurt Cobain.

Publisert 14.01.2017 kl. 09.00.

- Det er min store musikalske helt. Eg har mange bilete av han, bøker, DVD og høyrer på musikken han produserte kvar dag, seier 15-åringen frå Balestrand.


Tøffe tak

Amerikanaren Kurt Cobain, fødd 20. februar 1967 i Aberdeen, Washington og død 5. april 1994 i Seattle, starta bandet Nirvana. I 1991 markerte Nirvanas song «Smells Like Teen Spirit» eit dramatisk skifte i populærmusikken. Musikkmedia omtala songen til å vera ein «generasjonshymne», og med denne songen vart Cobain sett på som talsmann for generasjon X.


Dei siste åra av livet sleit musikaren med narkotika og tøft mediepress, og i OL-året 1994 vart han funne død i heimen sin.


Kan alt

Sjølv om Cobain berre vart 27 år, lever musikken vidare. Også i fjørkanten langs Esefjorden.


- Eg kan alle songane til gruppa på gitar, seier Sander Andre Fjærestad, og klinkar til med «Smells like tens spirits» og «Milk it» på elgitaren.


- Han var veldig spesiell og hadde sin eigen musikksmak, seier 15-åringen, som fekk opp øyro og augo for musikken då han gjekk i 7. klasse.


- Det er den einaste musikken eg høyrer på. Venene mine høyrer på meir moderne musikk, men det er ikkje noko for meg, slår Fjærestad fast.


Gitar

15-åringen byrja å spela gitar sjølv for eit par år sidan. Han overtok gitaren til systera som var lei av instrumentet.


- Eg lærde meg fort nokre riff, og sidan har eg blitt heilt hekta på gitarspeling, fortel han.


Timevis

Han gjorde eit taktisk godt val etter ei stund med gitarspeling. Han visste at mora likte godt Titanic-songen «My Heart Will Go On».


- Ho likte så godt at eg spelte den songen at ho kjøpte gitar med forsterkar til meg, smiler gitaristen.


Han er no så hekta på musikken at det går framfor det meste.


- Eg spelar mange timar i strekk kvar dag, fortel Esefjorden sitt svar på Kurt Cobain


Les meir om: Nyhende Video Balestrand Ung