FREDA: Slik såg villaen ut då han vart lagd ut for sal hausten 2015. No er Heimdalstrand freda. (Foto: Arkiv)

Kunstnarvillaen er freda

Heimdalstrand, som var bustaden til Emma Normann Pastor og Helga Normann i Balestrand, er no freda av Riksantikvaren.

Publisert 11.01.2017 kl. 11.52. Oppdatert kl. 11.58.

- Heimdalstrand er usedvanleg godt bevart, og sannsynlegvis den mest intakte kunstnarbustaden frå kunstnarkolonien i Balestrand. Eigedomen er eit særs godt arkitekturhistorisk eksempel på den seine dragestilen, i tillegg til at han fortel om turismen på Vestlandet frå førre hundreårskifte og framover, seier riksantikvar Jørn Holme.


Rundt år 1900 var Balestrand i Sogn og Fjordane ein stadig meir populær plass for kunstnarar og turistar. Fleire av kunstnarane bygde seg eigne villaer, der dei budde og arbeidde om somrane. Mange av husa deira vart utforma i dragestil som i dag er eit typisk trekk ved arkitekturen i Balestrand.


Mor og dotter

Heimdalstrand er eigedomen etter målarinna Emma Normann Pastor. Husa på eigedomen vart bygde i 1910 som sommarhus og arbeidsstad. Seinare tok òg dottera Helga Normann eigedomen i bruk. Dei var begge kunstarar og brukte eigedomen om somrane fram til midten på 1980-talet. Her arbeidde dei, og selde arbeida sine til turistane som kom til Balestrand i sommarsesongen.


Bygningane på eigedomen består i dag av sommarhuset og atelieret/stabburet. Etter at Helga Normann døydde i 1987, står huset i stor grad slik det var då ho brukte det. Mykje av den gamle hagen er bevart, med stiar, trapper, brygge og gamle planter og tre. Sommarhuset er teikna av Emma Normann Pastor, mens den omfattande dekoren i både eksteriør og interiør er skoren av Ivar Høyvik.


Rosar eigarane

Det var stor interesse for eigedomen då han vart lagd ut for sal hausten 2015.

Samstundes starta fylkeskommunen arbeidet med fredingssaka. Eigedomen vart kjøpt av Tor Mjelstad og Elisabeth Tonheim, og fylkeskommunen har gjennom heile prosessen hatt eit godt samarbeid med dei, går det fram av ei pressemelding. Fylkeskonservator Eva Moberg rosar Mjelstad og Tonheim for innsatsen dei har gjort.
 
- Dei har lagt ned ein betydeleg innsats for å setja bygningane i stand etter at dei overtok eigedomen i 2015. Me ser fram til det vidare samarbeidet med å ta vare på og setja i stand eigedomen, slår Moberg fast.


Les meir om: Kultur Nyhende Balestrand