KULTURFRES: Ordførar Olav Turvoll erklærte etter budsjettmøtet i Vik tysdag Fres Festival, ved Håvare Ese Eliassen, som vinnar av årets kulturpris i Vik. (Foto: Terje Eggum)

Kulturpris til Fres Festival

Fire ihuga musikarar gav opp å slå gjennom med banda sine på den nasjonale rockescena og valde heller dra seg attende til eit lite bruk i Fresvik, for å spela der.

Publisert 20.12.2016 kl. 19.58.

Tolv år etter mottek dei Vik kommune sin kulturpris for å ha skipa ein festival som årleg ikkje berre dreg 1000 glade konsertturistar, men som også blei ein turbo under bygdas vesle matbutikk.


Kjekt

- Takk til alle som har halde ut med oss desse åra, seier Håvard Ese Eliassen, som tysdag mottok prisen på vegner av seg sjølv og Gunnar Husabø, Lars Tore Skau og Per Christian Grov.


- Me har hatt det kjekt i lag desse åra, seier han, og kan sjå attende på ein konsertarena som tok av.


Det starta i 2005, ved eit uhell, som dei fire seier.


Ofra ferie

No står dei bak ein av landsdelens attraktive festivalar, for både spelande og tilspelte. Dei har lagt ned utalege dugnadstimar og ofra ferie på ferie for å rigga festivalen i Fresvik.


Til alt hell har dei vore flinke til å rekruttera hjelparar. Kommunen har også kome på bana etter kvart.


- Det har vore god praktisk og økonomisk støte frå det haldet, seier Håvard Ese Eliassen, og minner folkevalde i Vik og andre om at Fresvik og Skau gard er staden, siste veka i juli neste år.


På karet

Kulturprisen 2016 går difor til eit miljø som har sett Vik og Fresvik på kartet. Fres Fresvik har blitt stor gjennom åra, men ikkje større enn at særpreget er med og lokale rockeband finn plassen sin mellom større namn.


Siste saker Gå til framsida