MANGLANDE HJARTEVARME: Når Vik kommune vurderer å ta bort den viktigaste grunnlagsinvesteringa som finst i eit lokalsamfunn, nemleg barneskulen, er fellesskaps- og solidaritetstankegangen borte, skriv Sverre Høgheim. (Arkivfoto)

Dødens spiral i Fresvik

Med den politikken rådmannen, omsorgssjefen og fleirtalet i kommunestyret, medrekna Sp-ordføraren, no fører overfor Fresvik, vil det om få år ikkje vera att folk å tala bygda si sak, skriv Sverre Høgheim i denne kronikken.

Publisert 28.08.2018 kl. 13.56. Oppdatert kl. 14.01.

Uttrykket «dødens spiral» er i denne samanhengen henta frå bedriftsøkonomien, og går ut på at ei bedrift som får dårlegare lønsemd set opp prisen på varer og tenester i håp om å betra lønsemda. I staden går lønsemda ned fordi kundane reagerer med å kjøpa færre varer frå bedrifta. I rein panikk aukar bedrifta prisane endå meir i håp om å betra situasjonen, men lønsemda går vidare ned. Til slutt endar det med konkurs. Dette er sjølvsagt ein dårleg bedriftsstrategi.


Vik kommune er ikkje ei bedrift som tilbyr varer og tenester mot betaling, men derimot ein velferdsorganisasjon som hovudsakleg skal syta for helse- og utdanningstenester som blir finansierte gjennom skattar og avgifter. Likevel synest kommunen meir og meir å bli styrt som ei bedrift. Målet er å velta ein større del av kostnadene over på innbyggjarane. Dette går utover dei svake (les: bygdene) medan dei sterke (les: kommunesenteret) sjeldan opplever kommunal velferdsreduksjon. Her kan dei fleste kommunale tenestene i tillegg nåast på fem minutt.

Sverre Høgheim.

Fresvik er spesielt hardt råka av denne politikken gjennom nedlegging av omsorgstilbodet på Fresvik Bygdaheim frå og med 1. halvår 2018 og trussel om å leggja ned barneskulen (1. - 7. år) frå og med hausten 2019. Dette skjer etter at skulen så vidt vart berga på kommunestyremøtet i november 2017, berre for ni månader sidan!


Med den politikken rådmannen, omsorgssjefen og fleirtalet i kommunestyret, medrekna Sp-ordføraren, no fører overfor Fresvik, vil det om få år ikkje vera att folk å tala bygda si sak. Det at ein Sp-ordførar er med på denne raseringa av bygda, er alvorleg for Senterpartiet sitt omdøme både på fylkes- og riksplanet. Senterpartiet rekrutterer mesteparten av veljarane sine gjennom å vera garantist for at det skal vera leveleg i Bygde-Norge. Partiet nyttar til og med slagordet «levande bygder». Sjølv om det kommunale sjølvstyret står sterkt i Norge, vil eg oppmoda Jenny Følling og Liv Signe Navarsete om å ta tak i denne saka. Det går ikkje an at Senterpartiet er med på å leggja ned dei to viktigaste velferdstilboda i ei lita bygd: barneskulen og bygdeheimen.


Oppgåva til ein kommune er å byggja opp tilbod og spela på lag med innbyggjarane og ymse organisasjonar i lokalsamfunnet. Når Vik kommune i staden vurderer å ta bort den viktigaste grunnlagsinvesteringa som finst i eit lokalsamfunn, nemleg barneskulen, er fellesskaps- og solidaritetstankegangen borte. Konsekvensane av dette blir at ingen barnefamilie vågar å flytta til bygda. Nokre av dei som alt har etablert seg her, flytter kanskje ut av bygda og kommunen. Då vert det endå færre folk att med den følgje at lokalbutikken må leggja ned og Fresvik Produkt AS får vanskar med rekrutteringa. Heile bygda vil då lett forvitra i løpet av få år. Vik kommune samla vil også tapa på dette.


For vel to år sidan gav Vik kommune Norconsult i oppdrag å sjå på skule- og barnehagestrukturen i kommunen. Rapporten var ferdig i september 2016. Innhaldet her er sjølve legitimeringa, eller kommunen sin «bibel», for å vedta endringar i skulestrukturen. Rapporten er på 76 sider pluss eit tabellvedlegg på 27 sider. Vel 50 prosent av hovudrapporten inneheld også tabellar, grafar eller kart, slik at det med rette må seiast at rapporten hovudsakleg tek opp det som kan teljast og reknast på. Etter mitt syn inneheld rapporten lite av det eg vil kalla hjartevarme.


Grunnlagsmaterialet for rapporten er innhenta i mai-september 2016, altså i den lysaste årstida og i den perioden vegnettet viser seg frå si beste side. Skulle rapporten bli truverdig på dette punktet, burde forfattarane ha køyrt rundt på vegane her i vinterhalvåret. I det store og heile er omtalen av tilstanden på vegnettet Fresvik-Feios mangelfull. Eit stort steinras ca. 2,5 km vest for Fresvik i 2014 er ikkje nemnt i det heile. Dei som står bak rapporten tilrår å leggja ned barneskulen i Fresvik og senda ungane ut på ei dagleg bussreise i all slags vêr på over 34 km tur-retur, eller det same som 8-9 gonger Fresvik - Oslo fram og attende i løpet av eit skuleår.


Eit anna viktig moment som talar for å halda oppe Fresvik skule, er at meir enn 50 prosent av elevane her har foreldre frå utlandet. Då er det spesielt viktig at foreldra har skulen i nærmiljøet, slik at foreldra lett kan få kontakt med borna sine og lærarane om noko spesielt skjer. Desse borna har sjeldan besteforeldre og tanter og onklar å stø seg til i nærmiljøet. Eg kan ikkje sjå at denne problemstillinga er nemnd i Norconsult-rapporten.


Etter Terra-skandalen i 2007 har Vik kommune hatt ein stram økonomi som har verka inn på alle drifts- og investeringsbudsjett i åra etterpå. Det vil denne saka gjera i fleire år framover etter kvart som forsømt vedlikehald og manglande investeringar skal takast att. I intervju med BT den 3. juli i år seier rådmannen at Vik tapte 150 mill. kroner på Terra-skandalen, men at tapet no er om lag halvert etter dommen i Oslo tingrett den 2. juli i år, altså på 75 mill. kroner. Dette kan umogeleg stemma. Dersom me justerer det opphavlege tapet på 150 mill. kroner i desember 2007 med konsumprisindeksen i desember 2017 (21,8 prosent prisauke), får me 183 mill. kroner. Det verkelege tapet er såleis 183-75 = 108 mill. kroner. Sagt på ein folkeleg måte, har kommunen tapt kroner med høg pengeverdi og fått att kroner med låg pengeverdi. Etter mitt syn inneheld BT-intervjuet med rådmannen den 03.07 i år, alvorleg feilinformasjon som er med og bagatelliserer Terra-skandalen.


Det er ikkje rart at ein kommune som har «spelt bort» så mykje pengar som ovanfor, får problem med å balansera årsbudsjetta. Er det rett at ei lita bygd, som har for lite av det viktigaste som finst, nemleg folk, skal bera dei største byrdene med å få kommunebudsjettet i balanse? Ei bygd i ein slik situasjon treng kommunal stimulering og ikkje kommunal rasering!


Arven frå Terra-skandalen er så alvorleg for innbyggjarane i Fresvik at eg undrar meg på kvifor Fylkesmannen er så passiv i denne saka, sidan Fylkesmannen er staten sin representant i fylket. Høyrer det ikkje fylkesmannsembetet til å vera pådrivar overfor Kommunal- og moderniseringsdepartementet når ein kommune kjem i spesielle vanskar?


Ved utgangen av 2017 hadde Vik kommune eit disposisjonsfond på vel 20 mill. kroner. Dersom dommen i Oslo tingrett frå 02.07 i år står seg, vil disposisjonsfondet auka til vel 30 mill. kroner. Mitt forslag til rådmannen og kommunepolitikarane er å bruka litt av dette til å halda oppe barneskulen i Fresvik med fullt tilbod (1.-7. år).


I politiske debattar opplever me ofte at ingen rikkar seg. Sjeldan høyrer me ein politikar seia om ein annan: «Dette var klokt sagt.» Om du som kommunevald i Vik skulle finna på å skifta meining frå nedlegging til vidare drift av Fresvik skule (1.-7. år), treng du ikkje vera skamfull. Aasmund Olavsson Vinje (1818-70) skal ein gong ha sagt: «Eg er ein ærleg mann, og difor skiftar eg meining.»


Siste saker Gå til framsida