FORFATTARBESØK: Torsdag kjem forfattar Rune Timberlid til Sogndal bibliotek. (Foto: Torkjell Djupedal)

Krimforfattar inntek biblioteket

Rune Timberlid skal snakka om forfattarskapen og bøkene sine på Sogndal bibliotek komande torsdag.

Publisert 05.02.2018 kl. 13.00. Oppdatert kl. 14.27.

Rune Timberlid kjem frå Kaupanger og er kjend som forfattar, journalist, tidlegare redaktør av Sogn Avis og Firda og frå Lotteritilsynet.


«Rune Timberlid har dei seinare åra hatt suksess som kriminalforfattar. Torsdag kjem han til Sogndal bibliotek for å snakka om og diskutera bøkene sine med lesarane. Men vi ser gjerne at dei som ikkje har lese bøkene òg tek seg turen for å lata seg inspirera til lesing», skriv biblioteket i ei pressemelding.


Spennande

I bøkene til Timberlid, der politimannen Rolf Randen i Førde er etterforskar, er handlinga lagt til Sogn og Fjordane.


«Dette gjer det ekstra spennande for oss som bur her i fylket og kjenner stader og tilhøve meir eller mindre godt. Han har òg skrive kriminalnovellar både i Sogn Avis og Firda», skriv biblioteket i pressemeldinga.


Bibliotekturneen til Rune Timberlid startar på Vik folkebibliotek onsdag 7. februar. Etter å ha vore på Sogndal bibliotek torsdag 8., går turen vidare til Luster bibliotek i Gaupne laurdag 10. februar.


Turneen i Sogn avsluttar Rune Timberlid i Øvre Årdal tysdag 13. februar, der Årdal bibliotek og Tya kafé har gått saman om arrangementet.


Siste saker Gå til framsida