Krevde avskilting på to køyretøy

Publisert 13.11.2017 kl. 15.35.

Sogndal trafikkstasjon gjennomførte kontroll på Hafslo, Kaupanger og i Sogndal måndag.


I kontrollen vart det avdekt manglande lys på seks køyretøy.


To køyretøy blir krevd avskilta. Den eine for å ikkje vera framstilt til kontroll, og ein for manglande betaling av årsavgift.


Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande merking av utstikkande gods på hengar.


Siste saker Gå til framsida