KREV SVAR: Idar Kollsete og Rita Navarsete vil vita kvifor Sogndal kommune brukar så mykje pengar på konsulentar og advokatar. (Arkivfoto)

Krev tydlegare svar om konsulent- og advokatbruk

Frp er ikkje nøgde med rådmannen sine svar om Sogndal kommune sin høge bruk av konsulentar og advokatar.

Publisert 12.02.2018 kl. 10.01.

I komande kommunestyremøte stiller Frp dei same spørsmåla på nytt. Denne gongen enno meir presise.


- Svaret me fekk den 19. desember 2017 er me ikkje nøgde med, skriv Rita Navarsete og Idar Kollsete i eit brev til rådmannen og ordføraren.


Høg konsulentbruk

Sogn Avis har tidlegare avdekka at Sogndal kommune står, som den største kommunen, for 43 prosent av utgiftene til konsulent her i Sogn og ein tredjedel av advokatutgiftene. Over 73 millionar er nytta på konsulentar og vel 10 millionar har gått med til juridisk hjelp sidan 2013.


I kommunestyremøtet kravde Rita Navarsete å få svar på kvifor Sogndal er den kommunen i Sogn som brukar mest på konsulentar og advokatar.


Rådmann Jostein Aanestad svara at dei store konsulentbeløpa først og fremst kjem av at kommunen har bygd mykje dei siste åra. Han nemnde bygginga av det nye helse- og omsorgssenteret som døme. Berre her har det gått med førti millionar kroner til konsulentar, tretti av dei til arkitekt- og ingeniørtenester.


Advokatutgifter

Dei høge advokatutgiftene, rundt 11 millionar i same periode, sa rådmannen først og fremst er knytt til grunnerverv. Kommunen har mellom anna måtte gå fleire rundar i retten for å få fastsett kompensasjon til grunneigarane under bygginga av Fjordstien.


Desse svara var ikkje Frp nøgde meg. No har dei avgrensa spørsmåla noko og bede om nye svar: Me ber administrasjonen om svar på kva som er brukt til no i 2017 og opplysa om: Namn på firma som har hatt konsulentoppdrag for administrasjonen i perioden og storleiken på utbetalinga. Namn på advokatfirma/enkeltpersonar som har gitt juridisk hjelp til administrasjonen. Namn på prosjekt / utgreiingar / oppdrag knytt opp mot desse beløpa både på konsulenttenester og juridisk hjelp.


Kommunestyremøtet er torsdag 15. februar.


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida