Krev satsing: Arbeidarpartilaga i Årdal og Høyanger krev satsing frå Hydro si side. Me har infrastruktur og teknologi på plass, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal, gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Årdal.

Krev satsing i Sogn frå Hydro

Arbeidarpartiet i Årdal og Høyanger krev at Hydro investerer i og moderniserer fabrikkanlegga i dei to industribygdene.

Publisert 16.02.2018 kl. 09.49.

- Med bakgrunn i at Sogn og Fjordane har så store, både eksisterande og framtidige kraftressursar tilgjengeleg, vil det ha mykje å seia for regionen og samfunnet at dei gjer dette no, heiter det i ei felles fråsegn vedtekne på årsmøta i Arbeidarpartilaga i Årdal og Høyanger.


Framtida

Resolusjonen blir sendt til fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet helga 10.-11. mars. Arbeidarpartilaga meiner ei investering no vil sikra framtida for Hydro i Sogn til desse to industristadene, samt at det vil gje eit signal om ei vidare satsing på aluminiumverka i distrikta når tilhøva blir lagt til rette for det.


Til rette

Dei to partilaga syner til at Årdal var prioritert for ei modernisering og utbygging alt då Prosjekt Noreg vart lansert av Hydro tidleg på nittitalet. Seinare kom også prosjekt Sogn, der Høyanger også var inne.


- Me har infrastruktur på plass, teknologien er tilgjengeleg, seier gruppeleiar Marie Helene Hollevik Brandsdal i Årdal Arbeidarparti.


Ho syner til at pilotprosjektet på Karmøy er utvikla av teknologimiljøet ved Hydro i Årdal.


Einsidige

Vidare er kompensasjonsordninga for CO2-avgifta på plass og skiftkompetansen er til stades i begge dei to industrisamfunna.


I fråsegna blir det også peika på at Årdal og Høyanger er to einsidige industristader.


- Det har mykje å seia for framtidige generasjonar at Hydro oppfyller tidlegare lovnader til desse industristadene om ei modernisering, heiter det i fråsegna, som krev at Hydro legg fram ein strategi for Hydro i Sogn der framtidige investeringar tydeleggjer vilje til vekst i Sogn og Fjordane.


Bak i køen

Etter at Prosjekt Noreg vart lansert tidleg på 90-talet, der Årdal var førespegla ei storstila modernisering og utviding, saman med verket på Sunndalsøra. Sunndalsøra fekk si modernisering, høgtideleg opna av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik i desember 2002. No har også Karmøy Fabrikker fått si utviding, gjennom eit pilotprosjekt. Her er det opna for ei ytterlegare utviding. Nyleg vedtok Hydro å oppgradera og starta opp den andre produksjonslina på Husnes. Med begge produksjonsliner i drift vil Husnes dobla produksjonen av primæraluminium.


Det betyr at Sogn hamnar lengre og lengre bak i køen når det gjeld nyinvesteringar i aluminiumproduksjonen.


Les meir om: Nyhende Høyanger Årdal

Siste saker Gå til framsida