USEMJE: Det vart dårleg stemning i fellesnemnda då Sogn og Fjordane og Hordaland diskuterte kraftverdiar. (Foto. Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Kranglar om kraftaksjar

Klarte ikkje å bli samde i fellesmøte.

Publisert 08.03.2018 kl. 22.31. Oppdatert kl. 11.36.

Idyllen mellom fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland sprakk i møtet torsdag kveld, skriv Firda.


Årsaka er usemje om kraftaksjar i SFE som fylkeskommunen eig, og som kan vera verdt meir enn dei 1,5 milliardane Sogn og Fjordane etter intensjonsavtalen skal kunne setja i eit eige fond. 


- Hordaland fylkesting har ikkje sagt ja til at den verkelege grensa skulle vere monaleg høgare enn 1,5 milliardar. Konsekvensen av det me meiner ligg i avtalepunktet, er at resten av verdiane skal gå inn i fellesbuet. Konsekvensen av Sogn og Fjordanes syn er å gi vekk verdiar, og slik svekka fellesskapen, seier hordalandspolitikar Pål Kårbø (KrF) til Firda.


Sogn og Fjordane meiner intensjonsavtalen gir høve til å dela ut SFE-aksjane til kommunane. Fylkesordførar Jenny Følling meiner avtalen er klar på punkta om verdiane, og seier det opp til Hordaland å landa denne saka no.


Politikarane i fellesmøtet kom ikkje i mål med å få avklart denne saka i møtet torsdag.


 


Siste saker Gå til framsida