Kraftig røyk frå garasje

Full utrykking i Sogndal.

Publisert 19.06.2017 kl. 20.12. Oppdatert kl. 14.12.

19.12 fekk politiet melding om kraftig røykutvikling frå ein garasje i Kvam i Sogndal.


- Me fekk no melding, litt over klokka 20,  om at brannmannskap har fått kontroll over situasjonen. Ingen skal vera skadde i hendinga, opplyser Olaug Holme hjå politiet til Sogn Avis.


Politiet opplyser vidare at det har brent i ein bil som stod parkert i garasjen. Årsaka til brannen vert no etterforska.


 


 


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal

Siste saker Gå til framsida