SKULLE RIVAST:Røyrgata og trappene til K1. (Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Kraftanlegg skal bli turistattraksjon

høyanger: Skulle rivast, no skal det bli ei spektakulær attraksjon.

Publisert 24.09.2017 kl. 07.30.

Hovudutval for næring og kultur skal i møtet 26. september peike ut fylkeskommunen sin representant i styringsgruppa for prosjektet «K1 Høyanger - ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge».


Høyanger kommune, fylkeskommunen og Statkraft står bak forprosjektet for bevaring og bruk av Kraftanlegg 1 (K1) i Høyanger.


Trapper og trallebane

Den overordna målsetjinga for prosjektet er bevaring og utvikling av K1 til ein spektakulær attraksjon som gir verdiskaping kring næringsutvikling og stadutvikling, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Partane ønskjer å bevare røyrgata, trallebana og trappene knytte til K1, slik at dei kan nyttast som attraksjon for turistar og bidra positivt til friluftsopplevingar for innbyggjarane i Høyanger.


Verdiskaping

Lokalt i Høyanger oppstod det eit stort engasjement for bevaring av anlegget då Statkraft hadde planar om å rive delar av det.


Høyanger kommune har heile vegen vore i tett dialog med Statkraft, og dei bidreg no positivt inn i forprosjektet med både delfinansiering og deltaking i styringsgruppa.


Fylkeskommunen har innlemma prosjektet i verdiskapingsprosjektet «Kulturminneplanar som verktøy for lokal verdiskaping», der målet er å syne korleis kulturminneplanar kan nyttast som grunnlag for utvikling av lokale utviklingsprosjekt.


Kulturminne

Høyanger kommune har utarbeida ein strategiplan for kulturminne, der eitt av dei prioriterte satsingsområda er industriens kulturminne, blant anna K1.


Forprosjektet til «K1 i Høyanger - ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge» er finansiert i eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Høyanger Næringsutvikling og Statkraft.


 


Les meir om: Nyhende Høyanger

Siste saker Gå til framsida