ÅRETS SKIP: Den heilelektriske passasjerkatamaranen «Future of The Fjords» trafikkerer Nærøyfjorden. (Arkivfoto)

Kåra til Ship of the Year

Passasjerskipet «Future of The Fjords» er kåra til Ship of the Year.

Publisert 04.09.2018 kl. 14.17.

Prisen vart delt ut av Norges ambassadør Petter Ølberg i Hamburg tysdag, går det fram av ei pressemelding frå nettstaden Skipsrevyen.


- En innovativ vinnar som viser fram det beste av kva norskutvikla grøn skipsteknologi kan få til, seier ansvarleg redaktør i Skipsrevyen Gustav-Erik Blaalid.


Den heilelektriske passasjerkatamaranen «Future of The Fjords» trafikkerer Nærøyfjorden.


- Heilskapleg

Juryen trekkjer i grunngjevinga fram Power Docken, ein batteribank på 2,4 MW som kan fungera som strømladar for fleire typar fartøy. I tillegg kan han ta imot kloakk og gråvatn.


Juryen gjev uttrykk for stor anerkjenning til partane som har utvikla, og faktisk gjennomført, eit teknologisk og økonomisk løft som det «Future of The Fjords» og Power Docken inneber.


Frå Brødrene Aa

Juryen konkluderer med at båten, som er levert frå Brødrene Aa AS til The Fjords DA, innfrir dei forventningane dei skal stilla til Ship of the Year.


I 2016 vann søsterskipet, hybridbåten «Vision of the Fjords», den same kåringa.


Ship of the Year-juryen består av administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Harald Solberg; maritim bransjesjef i Norsk Industri, Lars Gørvell-Dahll; og administrerande direktør i Norske Skipsverft, Asle Strønen, går det fram av pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida