JUBEL: Terje Marøy, butikksjef i Byggmix Hermansverk, med pokalen like etter at prisen er delt ut. (Foto: Coop Vest Sa)

Kåra til årets butikk grunna god vekst og nøgde kundar

Coops byggevarekjeder var onsdag samla for å gjera stas på sine eigne.

Publisert 14.09.2018 kl. 14.41.

Byggmix Hermansverk stakk av med den gjævaste prisen for Årets Byggmix 2017, går det fram av ei pressemelding.


- Dette var innmari moro! No gler eg meg til å ta med prisen heim til kollegaene mine, sa Terje Marøy, butikksjef i Byggmix Hermansverk.


Prisen for Årets Byggmix går til den Byggmix-butikken med best nøkkeltal for 2017, og kriteria butikkane blir vurderte på, er blant anna omsetningsutvikling og kundetilfredsheit. Byggmix Hermansverk scorar godt over kjedesnittet på desse nøkkeltala, og vart kåra til den aller beste av landets 58 Byggmix-butikkar, går det fram av ei pressemelding.


Nøgde kundar

Spesielt godt gjer butikken det når det kjem til kundetilfredsheit. Kvar veke blir det sendt ut spørjeskjema til kundar som handlar over eit visst beløp i Coops butikkar, der kundane gir tilbakemelding på kva dei syns om ulike avdelingar i butikken og om kundeservicen. I 2017 svarte nesten 80 prosent av kundane at dei var nøgde med Byggmix Hermansverk.


- Me jobbar mykje med å heile tida forbetra oss, og me ønsker å gje kundane våre den best moglege handleopplevinga når dei er hos oss. Me set stor pris på at kundane gjev oss tilbakemeldingar, seier Marøy og legg til at prisen er ein lagsiger.


- Me er ein flott gjeng som har det gøy på jobb, og som trivs godt saman, seier han.


- Veldriven butikk

Byggmix Hermansverk vann også prisen som Årets Butikk 2017 i Coop Vest tidlegare i vinter. Driftssjef i Coop Vest, Tore Gamborg, fortel om ein svært veldriven butikk.


- Dei siste tre åra har butikken hatt god vekst og hatt ein flott resultat framgang. Dette skuldast i stor grad svært dyktige og framoverlente tilsette, seier Gamborg.


Siste saker Gå til framsida