Barnetoget i Sogndal i 2016. (Arkivfoto/Thomas Dalsøren)

Korleis feirer du 17. mai?

Send inn bilete

Publisert 17.05.2017 kl. 11.10.

Me i Sogn Avis ynskjer å syna fram korleis folk i indre og midtre Sogn feirer nasjonaldagen. Me håper difor at lesarane kan hjelpa oss med å senda inn bilete både av 17. maitog, sekkeløp, eting av is, talar og alt det andre som høyrer med på 17. mai. Dersom du vel å feira med ein tur til fjells med flagg i sekken, vil me gjerne ha bilete av det òg.


Hugs å få med namn på fotografen og litt om kva me ser på biletet.


Bileta kan du senda til redaksjon@sognavis.no.


Dersom du vil dela 17. mai-bileta dine frå Instagram med lesarane av Sogn Avis, merkar du dei med #sognavis.


Bileta vil bli synte fram i bildeserien på nettavisa. Nokre av dei vil også koma på trykk i papiravisa.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida