Kontrollerte 98 passasjerar

Publisert 05.09.2018 kl. 16.27.

Statens vegvesen har gjennomført fleire kontrollar onsdag. Dei har vore til stades i Vik, Gudvangen og Leikanger. Resultatet av dette vart sju kontrollerte bussar med til saman 98 passasjerar. Av desse var det berre ein utan bilbelte.


Tre køyretøy fekk gebyr for manglande bombrikkeavtale og ein førar fekk merknad for brot på køyre- og kviletida.


Ein norsk minibuss vart rapportert til løyvemyndigheitene for å driva persontransport utan å ha gyldige løyvedokument.