Eit stort fleirtal av dei spurde i Nessane krins vil bli ein del av Høyanger kommune. (Arkivfoto)

Nesten alle vil til Høyanger

I ei innbyggjarundersøking svarar 98 prosent i Nessane at dei er positive til å bli ein del av Høyanger kommune.

Publisert 08.01.2018 kl. 14.42. Oppdatert kl. 15.25.

92 prosent er negative til å bli ein del av nye Sogndal kommune. Svarprosenten ligg på 58, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har gitt Fylkesmannen i oppdrag å greia ut om det er grunnlag for grensejustering for området Nesse skulekrins i Balestrand kommune. I samband med dette har Telemarksforsking gjennomført ei innbyggjarundersøking på telefon for å få fram innbyggjarane si tilknyting til kommunane i området.


- Rimeleg representative

Undersøkinga omfatta alle innbyggjarar over 15 år i Nesse skulekrins og som også var registrert med fasttelefon eller mobiltelefon. 55 personar av dei som vart oppringte svarte, og dette gir ein svarprosent på 58. Dei som har svart er rimeleg representative for befolkninga i krinsen ut i frå aldersfordeling og kjønn.


- Undersøkinga viser at eit klart fleirtal er positive til å bli ein del av Høyanger kommune (98 prosent), medan eit klart fleirtal er negative til å bli ein del av nye Sogndal kommune (92 prosent). Ut frå spreiinga på skalaen som er nytta, er det ein relativt stor del som er tydelege på kva dei meiner. 76 prosent er svært positive til å bli ein del av Høyanger, medan 75 prosent er svært negative til å bli ein del av nye Sogndal, heiter det i pressemeldinga.


Ventar meir faktagrunnlag

Elles viser undersøkinga at 56 prosent jobbar i Balestrand kommune, 38 prosent pendlar til Høyanger og 6 prosent arbeider i ein annan kommune. Det er relativt stor handel utanfor kommunen mellom dei som bur i Nesse skulekrins, 93 prosent handlar utanfor kommunen kvar veke eller oftare. 91 prosent av dei som handlar utanfor kommunen handlar vanlegvis i Høyanger. Bruken av kommunale tenester og kultur- og fritidstilbod som ikkje skjer i Balestrand kommune, skjer også i all hovudsak i Høyanger.


Fylkesmannen ventar ytterlegare faktagrunnlag om Nesse skulekrins i rapporten som Telemarksforsking skal levera 20. januar. Denne rapporten gjeld oppdraget som KMD har gitt Fylkesmannen om ei nærare utgreiing av grensejustering mellom kommunane Balestrand og Høyanger. Etter det vil Fylkesmannen utarbeida ein førebels rapport, som blir send til dei involverte kommunane innan medio februar.


Fylkesmannen tek sikta på å senda tilråding til departementet innan medio april. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek avgjerd i saka.


Siste saker Gå til framsida