ER MED: Direkør ved Vestlandsforskning Merete Lunde og forskningsleiar Ivar Petter Grøtte håpar på større interesse for realfag. (Vestlandsforskning)

Kjøper seg inn i Vitensenteret

Vestlands-forsking har vore med i arbeidet med etablering av Vitensenteret i Sogn og Fjordane heilt frå idéfasen og vert no ein av eigarane av senteret.

Publisert 26.12.2017 kl. 17.00.

 


Vestlandsforsking kjøper 23 aksjar for totalt 230.000 kroner.


- Dei som besøker Vitensenteret skal lære ved å eksperimentere sjølve. Auka interesse for realfag og å kunne ta teknologien i bruk vil vere viktig framover, seier Merete Lunde i ei pressemelding.


Det er næringslivet som har teke initiativ til å etablera Vitensenteret i Sogn og Fjordane, for å skapa ein møteplass for både skulane, barnehagane, næringsliv, offentlege etatar, organisasjonar, ålmenta og akademia.


- Det har vore kjekt å vera ein del av prosessen med å etablera Vitensenteret, seier direktør for Vestlandsforskning Merete Lunde.


Ho har vore med sidan ideen oppsto i 2016, og takkar Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening for at planane for Vitensenteret allereie er konkretiserte.


I november inviterte Vitensenteret aktuelle eigarar til kjøp av aksjar, og no er emisjonen fullteikna.


Tema frå regionen

Eit vitensenter gir eit godt høve til å formidla og vise fram aktuelle tema frå regionen. Idéen er at Vitensenteret i Sogn og Fjordane blir bygd rundt relevante tema som det er viktig for oss å ha kunnskap om her.


- Eit av måla til Vestlandsforsking er å drive forskingsformidling som gir læring og effektar, og dei tre forskingsområda våre innan klima og miljø, reiseliv, og teknologi og samfunn vil alle vere aktuelle for dei planlagde tematiske områda for Vitensenteret. Dei kan summerast opp i «REINT»: Reiseliv, Energi fornybar, Industri og ny teknologi, Næringsmiddel- og matproduksjon og Transport og miljø, seier Merete Lunde.


Interessa for realfag

Dei regionale vitensentera er eit av tiltaka som er sett i gang i Norge for å auka interessa for og rekrutteringa til matematikk, naturvitskap og teknologi.


- Vi treng eit større og breiare rekrutteringsgrunnlag innanfor desse områda også i Sogn og Fjordane, seier forskingsleiar Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking. Han har vore med i prosjektarbeidet med det nye vitensenteret.


Vitensentera skal vera eit tilbod for skuleverket og ålmenta i sin region, og dei som besøker senteret skal lære ved å eksperimentere og delta aktivt. Vitensenteret som er planlagt på Kaupanger vil komme heile fylket til nytte i arbeidet med å auka interessa for realfag og teknologi hos både jenter og gutar.


- Dette er ein arena for formidling av forsking, naturvitskap og teknologi, og vil veraein viktig arena for Vestlandsforsking å vera ein del av og delta på, seier Lunde.


Turistar og andre

Forretningsmodellen til Vitensenteret i Sogn og Fjordane føreset at senteret også kan vende seg til både turistar og andre besøkande til regionen og til ålmenta meir generelt. I tillegg er næringslivet allereie involvert i senteret. Det er og fylkeskommunen, ei rekke kommunar frå heile fylket, organisasjonar og Høgskulen på Vestlandet.


- Dette ønskjer vi å veraein del av, og vi vil både bruke senteret og delta i formidlinga, seier Lunde. Difor har Vestlandsforsking svara ja til invitasjonen om å kjøpa 23 aksjar i selskapet som skal utvikle og drive senteret.


 


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida