VINTERJAZZ: Karl Seglem Acoustic Quartet er med i den fjortande utgåva av Vinterjazz. (Pressefoto/karlseglem.no)

Karl Seglem til Vinterjazz

Ei stor og landsomfattande markering som blir arrangert over heile landet.

Publisert 26.01.2017 kl. 10.45.

Den ti dagar lange markeringa frå perioden 27. januar til 5. februar har som hovudmål å setja fokus på aktiviteten og entusiasmen som finst på landets jazzklubbar.

Dette er eit årleg arrangement og blir arrangert av Norsk jazzforum i samarbeid med organisasjonens medlemsklubbar.

Jazzklubbar gjennom heile landet, frå Longyearbyen i nord til Kristiansand i sør, skal presentera arrangement med stor breidde. På programmet står mellom anna Karl Seglem Acoustic Quartet. Årdølen, som i desse dagar er plateaktuell med sitt 36. album Nordic Balsam, spelar på Kampenjazz søndag 4. februar med sin Acoustic Quartet.

Også Supersilent, Torun Eriksen, JazzKamikaze, Django Bates med Bergen Big Band, Come Shine og Hilde Hefte er med på årets Vinterjazz.

Vinterjazz blir i år arrangert for fjorande gong og kan by på konsertar med både lokale og anerkjende norske musikarar, internasjonale namn, jazzkafeer og jam, samt kåring av Årets Jazzklubb 2017.

- Vinterjazz dekkar heile jazzspekteret, og programmet rommar alt frå fri improvisasjon til tradjazz og jam sessions over heile landet. Det er eit tydelig prov på at jazz-scena vår er vaken, til trass for kulde og mørketid, seier prosjektansvarlig i Norsk jazzforum, Aleksander Haugen i ei pressemelding.


Les meir om: Nyhende Kultur Musikk Årdal

Siste saker Gå til framsida