INVITERER MINISTER: Lokallaga av Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand, vil invitera forskingsminister Iselin Nybø til Sogn i løpet av året. (Arkivfoto)

Jobbar for statstilskot til Vitensenter

Viss planane om eit Vitensenter skal lukkast, må også staten bidra.

Publisert 16.02.2018 kl. 10.17.

Det meiner lokallaga av Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand, som vil invitera forskingsminister Iselin Nybø til Sogn for å visa fram kunnskapsregionen Sogn og Fjordane og kvifor det er på sin plass å etablera eit Vitensenter nettopp her.


Kaupus AS, som er skipa av Kaupanger næringsforeining, har jobba i eitt års tid for å realisera ideen om eit vitensenter for Sogn og Fjordane på Kaupanger.


I ei felles fråsegn frå dei tre lokallaga av Venstre vert det peika på at Venstre i årets statsbudsjett fekk støtte for ein auke på 10 millionar til eksisterande regionale vitensenter og at partiet jobbar vidare for at komande løyvingar også skal inkludera Vitensenter i Sogn og Fjordane.


«Venstre og ein samla Utdannings- og forskingskomitè gav positive signal for planar om nye sentra i Sogn og Fjordane og Nordland. Slik bidreg vi til å sikre ein god regional fordeling av vitensentra over heile landet», heiter det i fråsegna.


Venstre føreslo følgjande merknad, som fekk tilslutnad i komiteen: «Komiteen viser til at programstyret for Vitensentrene underlagt Forskningsrådet har pekt på Vitensentrenes rolle i de ulike regionene og hvor man blant annet vurderer nye etableringer i Sogn og Fjordane, samt Nordland, for å dekke hele landet på en god måte.»


Vitensenter-prosjektet har fått brei støtte.


«Målet er statleg delfinansiering, slik at drifta av senteret kan starte frå 2020», heiter det i uttalen frå dei tre lokallaga, som har vedteke å slå seg saman frå 1. januar 2019.


Siste saker Gå til framsida