FJERNA IS: Langs Fjærlandsvegen nord for Sogndal har entreprenøren vore på plass og teke ned is frå skjeringane. (Foto: Gunnar Kleven)

Jobbar for å hindra at isen ramlar ned i vegbana

Vegvesenet er i gang med å bu seg på vårlege tilstandar langs vegane.

Publisert 06.03.2018 kl. 13.08.

- Me prøver å ta ned ein del is i skjeringane langs vegen, for å hindra at me får nedfall når det byrjar å tina, fortel Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.


- Mest utsette partia

Han legg til at dersom dei ventar til varmen byrjar å ta, vil det vera så mange stader det kan koma ned is samstundes.


- Difor prøver me å ta ned ein del alt no.


Det er mange skjeringar langs vegane i Sogn, og Finden opplyser at dei prøver å ta ned isen i dei mest utsette partia.


- Me tek ikkje ned isen der det tinar av seg sjølv og ikkje vil vera farleg.


Fulle grøfter

Som biletet teke langs Fjærlandsvegen sist veke syner, har isfall med vekslande temperaturar tidlegare i vinter fylt opp veggrøfter i regionen.


- Me plukka ned det som var av is i bergveggen når me først var på staden med maskiner, seier Johann Njaastad, byggjeleiar i Statens vegvesen.


Reinskejobben langs Fjærlandsvegen nord for Sogndal vart utført av Presis vegdrift som har ansvaret for drift og vedlikehald av vegnettet i Midtre Sogn.


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk

Siste saker Gå til framsida