TIL FLÅM: Nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, kjem til Flåm for å delta på felles fylkesstyremøte i Høgre for Hordaland og Sogn og Fjordane. (Pressefoto)

Jan Tore Sanner til Flåm

Jan Tore Sanner kjem på felles fylkesstyremøte i Høgre for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Publisert 27.02.2018 kl. 10.30.

Hordaland Høyre samt Sogn og Fjordane Høgre har felles fylkesstyremøte laurdag 3. og søndag 4. mars på Fretheim hotel i Flåm. Nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, kjem til møtet og skal innleia om gen- og bioteknologi. Sanner er leiar av prinsipprogramkomiteen.


Ida Melbo Øystese, visepolitimester i Vest politidistrikt, kjem også til møtet og ho vil setja søkjelys på dei kriminalitetsutfordringane samfunnet og politiet står føre - og korleis ein gjennom Politireforma vil møte desse.


Dei to fylkeslaga førebur samanslåing og ligg an til å velja felles valnemnd, nominasjonsnemnd og programnemnd, samt drøfta resolusjoner på møtet i Flåm. Elles skal dei ha møte kvar for seg på laurdag for å handsama organisatoriske saker, samt oppfølging av årsmøteresolusjonane, heiter det i ei pressemelding.


Les meir om: Nyhende Aurland Politikk

Siste saker Gå til framsida