FILMFESTIVAL: Festivalsjef Sunniva Breidvik og nestsjef Frida Sofie Jordalen Skoglie håpar å få inn mange kortfilmar til årets utgåve av Sogndal Filmfestival. (Pressefoto)

Jaktar kortfilmar frå vestlandsungdomar

- Send inn filmar til oss.

Publisert 06.01.2017 kl. 21.00.

Det er oppmodinga Sogndal Filmfestival sender i veg til ungdomar på heile Vestlandet. Festivalen, som vert arrangert av medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule, går i år av stabelen 23. og 24. mars og profilerer seg som «Det beste av ung kortfilm på Vestlandet». Årets festival blir den 12. i rekkja, den 11. med kortfilmtevling.


- Me har alt fått inn fleire filmar til konkurransen, og me håpar på god deltaking på årets festival, seier festivalsjef Sunniva Breidvik.

ARRANGØRAR: Det er avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som arrangerer Sogndal Filmfestival. Bak frå venstre: Robert Indrebø, Magnus Grotle Førde, Trine Husdal, Brede Kvist, Håvard Aasen Andersen. Framme frå venstre: Ingeborg Flatjord Kjøsnes, Frida Jordalen Skoglie, Veronika Vindedal og Sunniva Breidvik. (Pressefoto)

Ti kategoriar

Ho fortel at det på festivalen i år kjem til å bli delt ut prisar i ti ulike kategoriar, inkludert publikumsprisen som blir stemt fram. Arrangørane ønskjer å nå ut til ungdom på heile Vestlandet, og festivalsjefen oppmodar alle unge filmskaparspirer til å gå inn på filmfestivalen si heimeside for å skaffa seg meir informasjon og senda inn film.


Galla og fagdag

- Fristen er 23. februar, så ein har framleis litt tid på seg, opplyser festivalsjefen.


Det er avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som også i år er ansvarleg for filmfestivalen. Målet er å visa fram det beste av filmar som ung, kreativ vestlandsungdom i aldersgruppa frå 15 til 30 år har å by på. Torsdag 23. mars blir det gallakveld med raud laupar, prisutdeling, underhaldning og sofaprat med gjester frå filmbransjen. Dagen etter blir det fagdag.


- Har de fått tak i spennande gjester i år til både fagdagen og sofapraten?


- Me vil ikkje røpa namn enno, men eg kan lova at det blir aktuelle personar som har vore å sjå på skjermen no nyleg, seier Breidvik.


 


 


Les meir om: Kultur Nyhende Sogndal