KKJE LENGER GRATIS: Elbil-førarar må betala på ferjene frå 1. mars. (Arkivfoto)

Innfører eigen elbil-takst

Frå 1. mars blir det innført eigen elbil-takst.

Publisert 02.03.2018 kl. 13.54.

Det melder Fjord1.


Halv pris

Elbiltaksten blir halv pris av ordinær køyretøypris. Ved bruk av verdikort blir det gitt 50 prosent rabatt i tillegg.


Totalt betaler elbil ved bruk av verdikort 25 prosent av ordinær køyretøypris. Sjåfør er inkludert i billetten.


Kundar som nyttar periodekort eller ungdomskort for å betale for sjåføren av elbil, vil ikkje kunne gjera dette etter 1. mars.


Alle samband

Endringa gjeld for alle samband i Sogn og Fjordane.


I tillegg råkar endringa sambanda Molde-Vestnes, Festøya-Solavågen og Halsa-Kanestraumen i Møre og Romsdal, Halhjem-Sandvikvåg i Hordaland og Arsvågen-Mortavika i Rogaland.


Endringane skjer i samsvar med riksregulativet for ferjetakstar.


Les meir om: Nyhende Samferdsle

Siste saker Gå til framsida