Innbrot i hytte

Hytteinnbrot i Høyanger natt til måndag.

Publisert 13.08.2018 kl. 17.12.

Politiet i Høyanger og Balestrand melder på Facebook at det har vore innbrot i ei hytte ved Bergslettene i Høyanger natt til måndag, då ei dør stod ulåst. 


Dei ber no folk om å sjekka hyttene sine, om noko er brote opp eller stole. Oppmodinga frå lensmannskontoret er å ta kontakt dersom nokon har opplevd liknande.