Ingen kutt for folkehøgskulane

I statsbudsjettet for 2018 er dei planlagde kutta til folkehøgskulane fjerna.

Publisert 23.11.2017 kl. 09.37.

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2018 inneheldt fleire kutt til folkehøgskulane. Gjennom budsjettforhandlingane dei siste dagane er desse fjerna, og ei auke er dessutan lagt inn i det endelege budsjettframlegget.


Kuttforslaget på 25 millionar til folkehøgskulane blir nulla ut. Kuttforslaget til studiestøtta for andreårselever blir fjerna, totalt 11 millionar. I tillegg får Setesdal folkehøgskule støtte til auke av elevtalet, og Folkehøgskulen Helse på Evje får midlar til å førebu oppstart i 2019. 


- Me er glade for støtta heile opposisjonen på Stortinget har vist folkehøgskulane i haust, seier Odd Arild Netland, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, i ei pressemelding.


Under demonstrasjonen utanfor Stortinget 17.oktober viste alle sju opposisjonsparti sin misnøye med kuttframlegget frå regjeringa.


 


Siste saker Gå til framsida