SIDAN STARTEN: Tore Thorsnes har vore fylkesdirektør i Nav Sogn og Fjordane sidan etableringa i 2006. (Pressefoto)

Ikkje aktuell som leiar for ny Nav-region

Fylkesdirektør i Sogn og Fjordane Tore Thorsnes pensjonerer seg neste år.

Publisert 30.10.2017 kl. 14.39.

Fylkesdirektør Tore Thorsnes har bestemt seg for å gå av med pensjon neste år. Han vil difor ikkje vera aktuell til stillinga som direktør for den nye regionen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Han vil stå i stillinga til den nye regionen er etablert, vert det opplyst i ei pressemelding frå Nav.


- Tore fyller 67 år i mai neste år. Eg er veldig glad for at han likevel vil stå i stillinga ut 2018. Det er viktig at Tore med sitt leiarskap sikrar framleis god drift og ei god handtering av Nav Sogn og Fjordane sin overgang til å bli ein del av den nye regionen, seier arbeids- og tenestedirektør Kjell Hugvik.


Tore Thorsnes har vore fylkesdirektør i Nav Sogn og Fjordane sidan etableringa i 2006. Før det var han fylkesdirektør i Trygdeetaten. Han har også hatt ulike leiarjobbar i Aetat.


- Heldigvis er det endå lenge til Tore skal gå av, men eg vil likevel nytta anledninga til å takka han for innsatsen så langt. Nav Sogn og Fjordane har i mange år hatt ei svært god utvikling og kan visa til gode resultat. Med mange dyktige medarbeidarar har dei også bidrege til å utvikla Nav sine tenester på fleire sentrale område som ungdom og flyktningar, for å nemna nokre. Eg er trygg på dette vil bli godt ivareteke framover og overført til den nye regionen, seier Kjell Hugvik.


Fekk du med deg denne: Vil ikkje møta regionrådet om Nav-reform


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida