PROSJEKTLEIAR: Rajenda Akerkar er sentral i «big data»-prosjekt styrt frå Vestlandsforsking. (Pressefoto)

I bresjen for stort EU-prosjekt

Vestlandsforsking skal koordinera eit nytt europeisk forskingsprosjekt som skal sjå på korleis «big data» kan forbetra transportsystema.

Publisert 24.11.2017 kl. 13.00.

EU har nyleg gitt finansiering gjennom det prestisjefylte forsking- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 til eit forskingsprosjekt som skal leiast av Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. I EU-prosjektet LeMO vil forskarane studera korleis big data kan brukast i utviklinga av framtidas transportsystem og bidra til ein konkurransedyktig og berekraftig europeisk transportsektor. Målet er meir sikker, effektiv og berekraftig transport.


Treårig

- Det finst enorme mengder relevante data som kan brukast til å føreseia kvar det er størst behov for kollektivtransport eller korleis syklistane vil oppføra seg på nye sykkelvegar. Sanntidsinformasjon kan også fortelja oss kva vegar som er stengde på grunn av uvêr og kvar det er ledige parkeringsplassar, seier prosjektkoordinator Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking i ei pressemelding.


Prosjektet med tittelen «Leveraging Big Data for Managing Transport Operations - LeMO» har fått løyvt 1,4 millionar euro og skal gå over tre år. Prosjektet skal ha sju casestudiar og kome med konkrete forslag til korleis transportsektoren kan utnytta moglegheitene som ligg i «big data».


Oppstart

Prosjektet hadde oppstartsmøte, leia av Akerkar, i Brussel tysdag 7. november med 15 prosjektdeltakarar frå dei fem internasjonale samarbeidspartnarane. Dei er frå Tyskland, England, Belgia, Nederland og Norge.


- Transportsektoren har store utfordringar, men stordata gjev mange spennande moglegheiter. Me skal kartleggja data som ein ressurs på europeisk og internasjonal nivå, og undersøkja kor data oppstår, kor den flyt og kor den vert handsama, seier han.


Fem dimensjonar vil bli undersøkt: transportmiddel, sektor, teknologi, politikk og evaluering. Personvern, datasikkerheit og juridiske aspekt vil også bli sett på agendaen for å leggja grunnlag for eit juridisk rammeverk for innsamling og bruk av big data i transportsektoren.


Prosjektet skal enda opp i ein plan som ser på behova og utfordringane til vitskap, industri, styresmakter og innbyggjarar, samt ei styringsgruppe som skal byggja vidare på resultata.


Naudsituasjonar

Akerkar og Vestlandsforsking er også involverte i eit anna stort prosjekt innan stordata. 13.- 14. november samla Vestlandsforsking forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Noreg i Bergen for å diskutera korleis big data kan brukast til å handtere naudsituasjonar.


Det vil gjera hjelpearbeidet langt meir målretta og effektivt enn det er i dag, og er heilt realistisk om analysar av big data blir ein del av naudhjelpsarbeidet. Til dømes kan det handla om informasjon om kvar det var flest folk samla under eit jordskjelv, eller kvar det vil verta trafikkproblem etter eit ras.


Dette jobbar «big data»-ekspertar med i det internasjonale prosjektet Big Data Emergency Management (BDEM) leia av Vestlandsforsking.


- Me har samla ekspertar frå ulike forskingsområde for å utforska korleis ein kan gjera dette. Det handlar ikkje berre om å forstå «big data», men også om etiske og juridiske spørsmål. Sensorar kan fanga opp informasjon overalt, frå videoar folk publiserer til meldingar dei sender til kvarandre. Me diskuterer både korleis me kan bruka dette, og kvar dei etiske og juridiske grensene går, forklarer prosjektleiar Rajendra Akerkar.


Prosjektet Big Data Emergency Management (BDEM) har fått støtte frå Senter for internasjonalisering av utdanning og frå Forskningsrådets INTPART-program (Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking). INTPART skal bidra til å utvikla verdsleiande fagmiljø i Noreg gjennom auka samarbeid med sterke fagmiljø og institusjonar i utvalde land.


Les meir om: Nyhende Forsking Sogndal

Siste saker Gå til framsida