POTENSIAL: Hilde Merete Aasheim, leiar for Hydros forretningsområde Primærmetall seier dei ser eit stort potensial i å utveksla kompetanse og teknologielement mellom aluminiumverka. (Arkivfoto)

Hydro satsar milliardar på Island

Norsk Hydro ASA har lagt inn eit bindande bod på å overta Rio Tintos 100 prosent eigardel i det islandske aluminiumverket ISAL.

Publisert 28.02.2018 kl. 12.05.

Bodet omfattar også det nederlandske anodeanlegget Aluchemie og den svenske aluminiumfluoridfabrikken Alufluor, skriv Hydro på sine heimesider.


Totalt omfattar bodet 345 millionar amerikanske dollar, eller om lag 2,7 milliardar kroner etter dagens kurs.


Andre kvartal

Bodet er på Rio Tintos islandske aluminiumverk Rio Tinto Iceland Ltd, ISAL, deira 53 prosent eigardel i det nederlandske anodeanlegget Aluchemie og 50 prosent av aksjane i den svenske aluminiumfluoridfabrikken Alufluor AB. I tråd med fransk og nederlandsk lov, fører Hydros tilbod til ein konsultasjonsprosess med tilsette i Rio Tinto og andre interessegrupper. Gjev dette eit for Hydro vellukka resultat og godkjenning frå EUs konkurransestyresmakter, er det venta at transaksjonen vil gjennomførast i andre kvartal 2018, og gjera ISAL, Aluchemie og Alufluor til ein del av Hydros globale verksemd.


Leiande posisjon

ISAL produserer 210.000 tonn flytande metall og totalt 230.000 tonn pressbolt til bygg og anleggssektoren og transportsegmentet i Europa frå eit nybygd støyperi som er fullt utstyrt for ultralydtesting. Dette vil styrkja Hydros posisjon ytterlegare som føretrekt og leiande leverandør av pressbolt i Europa. Hydro er ein av verdas leiande aluminiumprodusentar basert på fornybar energi. Med ISALs 210.000 tonn aluminium basert på fornybar energi, vil Hydro auke sin samla kapasitet for produksjon av primæraluminium til 2,4 millionar tonn i 2018, og andelen som er produsert på fornybar energi til over 70 prosent.


Har trua

? Bodet syner at me har stor tro på aluminium, som er det metallet i verda som har den største veksten i etterspurnad globalt. Me meiner at det er avgjerande at me er til stades gjennom hele verdikjeda for å skapa verdiar basert på denne veksten og fremje ein berekraftig praksis i den globale verksemda vår, seier Hydros konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.


Synergi

Hydro ser moglege synergieffektar gjennom teknologiske forbetringar, optimalisering av anodeportefølje og logistikk. Det islandske verket bruker same teknologiplattform som Hydros aluminiumverk på Husnes, der Hydro nyleg tok eit investeringsvedtak om å gjenopna og oppgradera verkets andre elektrolyselinje.


Potensial

Hilde Merete Aasheim, leiar for Hydros forretningsområde Primærmetall seier dei ser eit stort potensial i å utveksla kompetanse og teknologielement mellom aluminiumverka.


- Me har no starta ein teknologipilot i Noreg som har som mål bli verdas mest energieffektive og klimavennlege produksjonsanlegg for aluminium. Fleire av elementa i den nye teknologien vil bli tilpassa og brukt i dei eksisterande aluminiumverka våre. Som ein del av Hydro, vil også ISAL dra nytte av denne teknologien og kompetansen.


Les meir om: Nyhende Årdal

Siste saker Gå til framsida