OVERSKOT: Tilsette ved Hydro leverer solide overskot. (Foto: Arkiv)

Hydro i Årdal nærmar seg ein halv milliard i overskot

Hydro Årdal avslutta tredje kvartal med eit overskot før renter og skatt på 167 millionar kroner.

Publisert 25.10.2017 kl. 10.59. Oppdatert kl. 11.18.

Så langt i år har Hydro-tilsette sytt for eit overskot på 487 millionar kroner.


- Resultatet blir påverka av noko lågare prisar i norske kroner enn i andre kvartal som delvis blir utlikna av lågare råstoffkostnader. Elles har me eit lågare kostnadsnivå i tredje kvartal, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal i ei presseorientering.


God drift

Eldegard seier resultata viser at drifta har vore god og stabil gjennom hele året, også i tredje kvartal for aluminiumprodusenten lengst inne i Sognefjorden.


- Me har veldig god drift i elektrolyse som bidreg positivt på resultatet. Me har no fått investeringsmiddel knytt til eit mindre straumoppkøyringsprosjekt som skal gje auka produksjon i elektrolyseanlegget og med det ta elektrolysen endå eit steg vidare i utviklinga.


Kvalifisert

Aluminiumverket har kvalifisert seg innan produksjon av fleire produkt med særleg lågt jarninnhald og høgare marginar, noko som skal sikra betre lønsemd for metallverket.


- I tredje kvartal har også støyperia levert gode resultat.


- Gode prisar og ein god marknad for støypelegeringar kombinert med ein effektiv organisasjon har gitt gode resultat også i støyperiet.


Presisjonskultur

Hydro Årdal legg stor vekt på å ha ein presisjonskultur for å heva både kvalitet og sikkerheit


- Me har stort fokus på å jobba med presisjonskultur både når det gjelder sikkerheitsarbeid og kvalitet. Sikker drift er grunnlaget vårt. Me har eit godt og stort engasjement innanfor sikkerheitsarbeid i heile organisasjonen vår, og me trenar systematisk for å stadig forbetra sikkerheita. Vårt øvste mål er alltid det same - Alle som går på jobb for Hydro skal dra heim like trygge som då dei kom.


Les òg: Kommunane vil tapa over 50 millionar årleg om regjeringa får det som dei vil


Siste saker Gå til framsida