SNART I MÅL: Tunnelen frå 1982 har fått solid oppgradering. No er siste finpuss i gang. (Arkivfoto: Renate Sæle)

Høyangertunnelen snart klar

Arbeidet med fylkesveg 55 Høyangertunnelen har teke lenger tid enn venta, men er no inne i siste fase. Dei siste vekene har gått med til å testa det nye utstyret i tunnelen.

Publisert 26.06.2018 kl. 20.28.

Dette skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.


Høyangertunnelen har fått ei kraftig oppussing og alt gammalt utstyr i tunnelen er skifta ut. Installering av ny utrusting er no ferdig, men før tunnelen kan overlatast til dei som skal drifta og vedlikehalda han, må utstyret testast. Lys og ventilasjon, målarar og kommunikasjonssystem må fungera som dei skal, før entreprenøren kan pakka saman og tunnelen setjast i normal drift att.


På plass

Tone Anette Espe, seksjonsleiar for Vegseksjon Fjordane, er fornøgd med å ha fått alt materiell og utstyr på plass.


- No står det att å få alt til å fungera som tenkt og få tunnelen til å snakka med Vegtrafikksentralen.


Nye tryggingssystem

Vegvesenet sine testar opp mot Vegtrafikksentralen tok til denne veka, etter at entreprenøren tidlegare har gjort eigne testar i tunnelen.


Dei nye systema for styring og overvaking som er installerte i tunnelen, er kopla direkte til Vegtrafikksentralen i Bergen. Dei held oversyn med alt som skjer på vegnettet, og kan mellom anna stenga tunnelen og senda ut meldingar til trafikantane.


I Høyangertunnelen finst det til dømes sensorar som sjekkar innhaldet i lufta og startar ventilasjonssystemet, om naudsynt. Brannsløkkingsapparata er kopla til ein alarm, slik at Vegtrafikksentralen får beskjed når eit apparat blir fjerna.


Siste rest

Frå 9. juli blir det sommarferie i Høyangertunnelen i tre veker. I neste veke kan det bli litt meir testing, men siste rest av arbeidet blir utført etter ferien.


- Etter at testinga er ferdig kan alt det gamle utstyret i tunnelen rivast og fjernast, noko som vil krevja litt stenging av tunnelen. Dette vil bli varsla om i god tid og me tek sikte på å gjennomføra kolonnekøyring med kort ventetid.