Høgskulebygget i Sogndal. (Arkivfoto)

HVL får fire fakultet

Styret ved Høgskulen på Vestlandet gjekk mot innstillinga til rektor og vedtok at den ferske høgskulen skal ha fire fakultet.

Publisert 16.02.2017 kl. 09.41.

Styret har onsdag og torsdag vore samla i Haugesund.


Det var på førehand knytt stor spenning til kor mange fakultet høgskulen skal ha.


Ei styringsgruppe hadde føreslått å organisera Høgskulen på Vestlandet i tre fakultet, etter profesjonsmodellen. Men fleire var kritiske til forslaget. Økonomi- og samfunnsfagmiljøet i Sogndal var mellom dei som på førehand ytra ønske om eit fjerde fakultet, skriv På Høyden.


Gunnar Yttri fekk fleirtal i styret for dette forslaget:


«Styret vedtek ein organisasjonsmodell med fire fakultet. Det fjerde fakultetet skal romme økonomisk-administrative fag, nautikk og samfunnsfag. Rektor får fullmakt til å invitere andre fagmiljø med i dette fakultetet.»


 


Siste saker Gå til framsida