FRÅ FYLKESMANN TIL FYLKESRÅDMANN? Anne Karin Hamre har søkt toppjobben som framtidig fylkesrådmann for det samanslegne Hordaland og Sogn og Fjordane (Arkivfoto)

Ho vil bli fylkesrådmann for det nye vestlandsfylket

Seks personar har søkt stillinga som framtidig fylkesrådmann i det nye fylket.

Publisert 16.04.2018 kl. 16.16.

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane tilset prosjektleiar/framtidig fylkesrådmann til det nye fylket i møtet i fellesnemnda 4. mai. 


Det er seks søkjarar til stillinga, opplyser Hordaland fylkeskommune. 


Berre ein person har adresse Sogn og Fjordane, og det er fylkesmann Anne Karin Hamre. Mellom søkjarane finn ein også noverande fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal. 


Seks søkjarar

- Representantar i tilsetjingsutvalet har hatt ein grundig prosess med gode kandidatar så langt, seier Anne Gine Hestetun i samband med prosessen. Hestetun er fylkesordførar i Hordaland og leiar i fellesnemnda. 


Søknadsfristen til stillinga gjekk ut 12. april og etter prosessen har følgjande valt å stå på den offentlege søkjarlista: 


. Karen- Marie Eek-Larsen (57) Alversund, ass. fengselsleiar


. Thorbjørn Johan Gaarder (63) Oslo, chief credit officer


. Anne Karin Hamre (53), Sogndal, fylkesmann


. Karl Petter Haugen (49), Strusshamn, underdirektør


. Rune Haugsdal (58), Eidsvågneset, fylkesrådmann


. Tarjei Torvik (25), Bergen, student/arbeidssøkjar


Først prosjektleiar

Stillingstittelen er først prosjektleiar for etableringa av den nye fylkeskommunen fram til 1. januar 2020. Så blir stillinga fylkesrådmann for det nye storfylket på Vestlandet.


Erfaring frå strategisk endringsleiing, rolleforståing og prosjektstyring, samt evne til å kunna jobba tett med det politiske nivået er viktig kompetanse. Ein ønskjer seg og forståing for dei to fylka sin eigenart.  Prosjektleiaren vil rapportera til den politiske leiinga og ha arbeidsstad i Bergen, opplyser Hordaland fylkeskommune. 


- Den totale interessa for stillinga viser at dette er ei attraktiv og viktig stilling, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida