Susanne H.G. Poulsson blir ny avdelingsleiar på reiselivsmuseet. (Foto: Privat)

Ho blir ny avdelingsleiar på reiselivsmuseet

Susanne H.G. Poulsson er tilsett som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Publisert 11.12.2017 kl. 15.43.

Poulsson tek til i jobben 15. februar. Ho har tidlegare vore tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen Kristiania og på Handelshøgskulen BI i Oslo, der ho har vore forskar og forelesar på fagområde som reiseliv, attraksjonsutvikling, kultur og opplevingsøkonomi.


- Me i Musea i Sogn og Fjordane er særs godt nøgde med tilsetjinga av Susanne H.G. Poulsson som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum. Ho har ein spanande og solid bakgrunn som vil vera viktig for utviklinga av reiselivsmuseet framover. Poulsson blir også ein viktig ressurs for heile det konsoliderte museet vårt. Me gler oss til ho kjem, seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge i ei pressemelding.


Engasjerande møteplassar

Susanne har i tillegg til si akademiske karriere jobba med utvikling av utstillingar og ei rekke andre prosjekt innafor kultur og reiseliv sidan tidleg på 90-talet. Hun har drive sitt eige firma innan rådgjeving, konsept- og kompetanseutvikling på feltet. Susanne er utdanna Cand.mag. (psykologi/filosofi) frå Universitetet i Oslo, og har en MBA (Master of Business Administration) frå Bond University i Australia, samt en doktorgrad frå Handelshøgskulen BI på tema opplevingsøkonomi. Susanne er oppteken av at musea kan skapa levande og engasjerande møteplassar mellom menneske og kunnskap.


- Ho ynskjer at besøkande ved Norsk Reiselivsmuseum skal kunne oppdaga meir av det fantastiske som var, og er knytt til det å reisa og oppleva Noreg. Susanne kjem frå Nesodden utanfor Oslo. Ho er reiseglad, og har budd fleire år i utlandet, og det på heile fem ulike kontinent. No ser ho fram til å gjera seg kjend med Balestrand og å få oppleva meir av det vakre Sogn og Fjordane, heiter det i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Balestrand Museum

Siste saker Gå til framsida