PÅ HOGGET: Per Christian Grov har laga denne t-skjorta for den nye storkommunen i Sogn.

Her er t-skjorta for den nye storkommunen

Kort tid etter at det vart kjent at kommunane Leikanger, Sogndal og Balestrand blir slått saman, hadde Per Christian Grov t-skjorta med nytt namn og nytt kommunevåpen klar.

Publisert 24.02.2017 kl. 10.46. Oppdatert kl. 10.51.

- Repsonsen har vore upåklageleg, og eg legg merke til at balestrendingar er temmeleg nøgde med at eg valde namnet "Baleikdal". At eg stakk eit sverd gjennom Sogndal sitt kommunevåpen kan òg ha spelt ei rolle her, seier Per Christian Grov.

HUMOR: Per Christan Grov, kjend som musikar og festivalsjef, kastar seg inn i kommunereforma med humoristisk t-skjorte. (Foto: Privat)

Humor

Grov jobbar til dagleg som grafisk designar i Oslo, og er også ein av festivalsjef for Fres Festival i Fresvik. Nettbutikken ArmeniaWear med eigendesigna t-skjorter starta han saman med ein kamerat for nokre år sidan.

- Den har vore katalysatoren for mykje dårleg humor.

Han vedgår at salet av den ferskaste t-skjorta ikkje har teke heilt av enno.

- Hittil har dette vist seg å vere bedre humor enn forretning.


På hogget

Medan namnedebatt og utforming av nytt kommunevåpen vanlegvis kan vera tunge prosessar, gjekk det i dette tilfellet fort unna.

- Den totale reisetida frå idé til t-skjorta var i nettbutikken, trur eg var ca 35 minutt. Men på slike brennheite tema er det viktig å vera på hogget. Det kjem garantert til å komma masse kommunereformrelatert humor framover. Forhåpentlegvis blir det meir kommunesamanslåing i Sogn.


To reker?

Sjølv om det kanskje gjekk litt fort i svingane, og ideen bak det endelege kommuenvåpenet kanskje ikkje er heilt tydeleg, meiner han at det ikkje alltid er så enkelet å få tak i på dagens kommunevåpen heller.

- Eg trur dei færraste har eit forhold til kva kommunevåpenet deira symboliserar. Sjølv er eg frå Lærdal, og har i mange år lurt på kvifor me har to reker i vårt.

Og skulle politikarane i den nye storkommunen trenga hjelp, er oppmodinga klar:

- Ring meg!

Har du ein god idé til namn på den nye storkommunen eller til korleis det nye kommunevåpenet bør sjå ut? Del det gjerne i kommentarfeltet under.


Siste saker Gå til framsida