Vegen over Vikafjellet er stengd grunna fare for ras.

Her er snøflaket som stengjer Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet vart i 11-tida torsdag føremiddag stengd grunna fare for ras.

Publisert 20.04.2017 kl. 14.18. Oppdatert kl. 15.18.
- Det er eit snøflak på eit svaberg som har sprokke opp. Det er eit klart varsel på at ting er byrja å lea på seg. Me valde difor å stengja vegen preventivt, seier Johann Njaastad i vegvesenet.
 
Rasfaren er i Svåi, på toppen av Holesvingane på sørsida av Vikafjellet.
 
Han fekk tilsendt biletet frå staden frå entreprenøren
 
- Då eg såg bileta, var eg ikkje i tvil om at me skulle stengja.
 
Njaastad opplyser at dei torsdag ettermiddag ser på mogelegheita for å hjelpa til slik at raset går fortare.
 
- Men me må også tenkja på tryggleiken til arbeidarane våre, understrekar han.
 
Dersom dei klarer å utløysa raset, vil vegen kunne opnast torsdag kveld.
 
- Viss det berre held fram med å gli sakte, slik det gjer no, blir vegen ikkje opna i kveld, opplyser Njaastad.
 
Vegvesenet ventar på at snøen skal rasa ned i vegen.

Les meir om: Nyhende Samferdsle Vik

Siste saker Gå til framsida