HAR SØKT: Arve Varden, rådmann i Høyanger har søkt på stillinga. Har har tidlegare vore direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde. (Arkivfoto)

Her er søkjarane til toppstillinga i Helse Førde

Sju søkarar har meldt seg til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde.

Publisert 23.10.2017 kl. 10.29. Oppdatert kl. 10.43.

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde er nøgd med søkjarlista.


- Det er mange gode søkjarar til det som er leiarstillinga i ei særs viktig verksemd i Sogn og Fjordane. Det er viktig grunna tenestene Helse Førde skal levera til innbyggjarane i Sogn og Fjordane - og fordi dette er den største arbeidsplassen i fylket, seier ho.


Søkjarane er:


Thorbjørn Gaarder, Chief credit officer, Oslo


Tom Guldhav, Avdelingssjef, Førde


Kjell Ove Høydal, Operativ leiar, Florø


Åse-Iren Korneliussen, Helse- og omsorgssjef, Florø


Mads Rekve, Avdelingssjef, Lærdal


Arve Varden, Rådmann, Høyanger


Ivar Edmund Vatten, Arbeidssøkande, Halsanaustan


Tilsetjingsutvalet blir leia av styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde, og skal ta hand om den vidare tilsetjingsprosessen, skriv Helse Førde på sine nettsider.


Søknadsfristen var opphavelege 20. september, men tilsetjingsutvalet forlenga søknadsfristen til 20. oktober.


- Det er behov for meir tid for å sikra eit best mogeleg tilfang av søkjarar til den viktige stillinga som administrerande direktør for Helse Førde, opplyste styreleiar Agnes Landstad på nettsidene til helseføretaket då fristen vart utvida.


Børge Tvedt vart i slutten av mai konstituert som administrerande direktør i Helse Førde etter at Jon Bolstad sa opp stillinga for å gå over i den tilsvarande stillinga i Sjukehusapoteka Vest. Tvedt skal fungera i stillinga fram til ein ny administrerande direktør er tilsett.


Helse Førde skal ha styremøte 26. og 27. oktober, men Landstad trur at tida bli for knapp til å ha tilsetjing i det møtet. Neste moglegheit er styremøtet 24. november.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida