BRUSKULPTUR: Slik ser skulpturen som skal plasserast ved Loftesnesbrui ut. (Foto: Privat)

Her er bruskulpturen

Skulpturen «Symbiose-menneske og naturen» skal pryda den nye Loftesnesbrui.

Publisert 09.02.2017 kl. 10.43. Oppdatert kl. 11.14.

Tidlegare Sogndal kunstlag ynskjer å gje ein skulptur til Sogndal kommune. Kunstlaget har valt ein skulptur av Geir S. Hjetland, ein kunstnar som er aktiv i fylket.

SEKS METER: Skulpturen er om lag seks meter høg og vert levert på betongsokkel. (Foto: Privat)

Seks meter høg

Skulpturen har arbeidstittelen «Symbiose - menneske og naturen» og er om lag seks meter høg. Skulpturen vert levert på betongsokkel og i samarbeid med Statens vegvesen skal kunstnaren ferdigstille monteringa.


Skulpturen skal plasserast i sjøkanten på sørsida av de ny brua.


Formannskapet i Sogndal er takksame for gåva og går inn for at det vert søkt om å få etablert dette kunstverket ved Loftesnesbrui.


Les òg: Nye Loftesnesbrui er på plass


Siste saker Gå til framsida