VARMT: Komande helg treng ein truleg ikkje reisa til Syden for å få sydenvarme. Store delar av Sør-Noreg kan få høgare temperaturar enn Sør-Europa. (Foto: Meteorologisk institutt/@meteorologene på Twitter)

Helga kan bli rekordvarm

Finvêret varer til neste veke.

Publisert 23.05.2018 kl. 18.30.

Eit høgtrykk dekkjer store delar av landet og gir oss strålande solskin, og temperaturar som kan slå fleire av dei kjente sydendestinasjonane i løpet av veka.


- Det varer ut veka, og det blir kanskje stigande temperaturar mot helga. Dei kjem godt opp på 20-talet, og det blir rolege vindtilhøve, seier vakthavande meteorolog Eldbjørg Moxnes ved Vêrvarslinga på Vestlandet.


Litt avhengig av korleis skydekket blir, ser det ut til å bli særs varmt laurdag og søndag. Ifølgje varselet på Yr kan fleire stader i Sogn få temperaturar kring 27-28 grader i helga. Mai har til no brakt med seg mykje godt vêr, og no kan rekordar stå for fall.


- Me ligg godt over normalen for mai no, og det vil jo ikkje gå nedover dei komande dagane. Me vil kanskje sjå nokre rekordar for mai, seier Moxnes. 


Tørt

Meteorologen kan fortelja av sydenvarmen varer til og med måndag, men deretter er det meir uvisst.


- Det kan bli litt skyer og nedbør frå tysdag av, seier Moxnes, som uansett tykkjer det er kjekt å vera meteorolog i desse dagar.


- Klart det er moro, og mange blir glade. Men det er ein del bønder som ringer og lurer på om det er nedbør i vente, seier Moxnes.


Bøane byrjar etter kvart å bli tørre, og knusktørt er det også i terrenget. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel på grunn av svært stor skogbrannfare i Sør-Noreg. Vegetasjon kan svært lett ta fyr og veldig store område kan bli berørt. Det er med andre ord all grunn til å vera særs varsam med open eld.


Siste saker Gå til framsida