UROA: Dei tolv ordførarane i Sogn har samla seg om eit brev der dei ber fylkespolitikarane revurdera vedtaket om takstauke for Sognebåten. (Foto: Arkiv)

Heile Sogn står opp mot dyrare snøggbåttur

Ordførarane i Sogn er uroa over konsekvensane av takstauken for Sognebåten.

Publisert 02.11.2017 kl. 17.01.

Fylkespolitikarane vil auka prisen på billettane på Sognebåten. Det møter kraftige reaksjonar frå heile Sogn. No har dei tolv ordførararane i regionen, frå Årdal til Gulen og Solund,  gått saman om eit brev til fylkespolitikarane der dei ber politikarane om å revurdera vedtaket om takstauke.
- Det må oppfattast som eit sterkt signal. Det er ikkje kvar dag heile regionen står so samla om ei sak, seier Morten Askvik, ordførar i Hyllestad.


Færre passasjerar

Ordførarane i Sogn er uroa for at vedtaket om takstauke vil føra til reduksjon i tal passasjerar.
- Vedtaket er særs uheldig sett i høve til det pågåande arbeidet med å sikre passasjergrunnlaget på ruta - eit konstruktivt arbeid som har pågått over fleire år og som alle kommunane i Sogn har stilt seg bak. Slik vedtaket ligg føre utgjer det ein stor risiko for Sognebåten og vil gå mest ut over våre eigne innbyggjarar sin bruk av båten, seier Askvik.


For raskt

Ordførarane er samde i fylkesdirektøren sine vurderingar i saksutgreiinga til junimøtet der vedtaket vart gjort, og åtvaringane mot å gjera større endringar for å harmonisere takstane. Konsekvensane av vedtaket er at fylkeskommunen må dekka 2,7 millionar kroner årleg frå 2019 (1,35 mill i 2018) i forventa tapte inntekter for Norled. Dette gjeld ut avtaleperioden.
«Me  støttar ei gradvis harmonisering innanfor gjeldande kontrakt med Norled slik fylkesdirektøren la opp til. Ei slik harmonisering vil heller ikkje gje grunnlag for kompensasjon til Norled for forventa tapte inntekter», skriv ordførarane i brevet.


Eigne løysingar

I brevet skriv ordførarane vidare at harmoniseringa må tilpassast konkurransen /marknaden, og peikar vidare på at det på ekspressbåtruta i Sogn blir brukt ein mindre båt som gir vesentleg dårlegare kvalitet for reisande.
«Det bør vurderast å leggja opp til ei prisdifferensiering og dynamisk prising, men med eigne løysingar for lokalbefolkninga for å unngå at dynamisk prising råkar desse», heiter det i brevet..
Revurdera
Askvik seier ordførarane i Sogn med brevet har sendt eit klart signal til fylkespolitikarane, og at det blir forventa dei tek dette på alvor.
- Me oppfordrar fylkespolitikarane til å revurdera vedtaket om takstauke for Sognebåten, seier han.


Les meir om: Nyhende Politikk Samferdsle

Siste saker Gå til framsida