Vart rana i Cape Town

Knivran, høgdeskrekk, ein syngjande sheik og trugsmål frå mafiaen.

Publisert 15.03.2017 kl. 09.00.

Det er den kjappe oppsummeringa i første rapporten frå dei fire karane i reiseserien HEIK.


Karane i HEIK har funne vegen ut i verda. Etter ei mellomlanding på eit par dagar i Doha, tok ferda dei vidare til Cape Town og Sør Afrika. Akkurat no er gjengen i Bangkok.

GÅVER: HEIK var på vitjing hjå Trude Husabø i Wolwerivier-leiren. Der hadde dei med seg gåver til borna som blei teke godt imot. ((Foto: Privat)

Knoting

Den særs lite verdsvande gjengen skal rapportere tilbake til heimlandet med jamne mellomrom. No har den første reportasjen landa på desken til Sogn Avis og det er ikkje akkurat slaraffenlivet på ei strond på Mallorca som blir skildra.


- Det har gått greitt til no. Me fann ut av flyplassane, og har kome oss eit stykke på veg. I Doha enda me opp med å betala dobbelt opp for hotellopphald av ein eller annan grunn. Men elles følte me oss trygge der. Me har ikkje teke på oss så mykje oppdrag i Doha, då tida ikkje strakk til. Me var der berre i to dagar. fortel Helge Nesse Slinde, kommunikasjonsansvarleg i HEIK.

KOMPIS: Helge Nesse Slinde fekk seg mange nye kompisar i Cape Town. (Foto: Privat)

Knivran

Under vegs på turen verda rundt får HEIK-gjengen diverse oppdrag som er innsendt av Sogn Avis sine lesarar. I Doha skulle karane finne både ein rosa kylling, lære ein dans, og lære vekk bæ bæ lille lam. Men med ein mjuk start drog det seg til då karane kom til Sør Afrika


- Sør Afrika vart litt meir «shady». Kjetil vart rana med kniv ei natt me var ute på byn. Ikkje store summen, men skummelt nok. Han vart 60 kroner fattigare, men det gjekk bra heldigvis. Pengar øslar me ut uansett. Me startar kvart land med å betala altfor mykje i taxi. Når sjåførane ser me er turistar doblar prisen seg, men det er vel slik det skal vera. Billige land hittil. Me har nok brukt dobbelt så mykje til no av det me hadde budsjettert, forklarar Helge.


Høgdeskrekk

Havet utanfor Cape Town er kjent for store mengder kvithai, og moglegheitene for dykking.


- Eine oppdraget me fekk gjekk ut på å dykka med kvithai i False Bay, men diverre så har det ikkje vore meldt om haiobservasjonar der dei siste 27 dagane. Så me kasta oss på eit par andre utfordringar. Nokre av oss lir av ekstrem høgdeskrekk, og fekk testa grensene maksimalt i rappellen ned frå Table Mountain, fortel Helge.


Gåver

Tre andre sogningar har starta eit eige prosjekt for å gje helsehjelp til dei yngste i slummen utanfor Cape Town. Karane i HEIK måtte sjølvsagt innom der å helsa på.


- Me var på vitjing i Wolwerivier-leiren der mellom anna Trude Husabø frå Leikanger jobbar. Med oss hadde me mykje klede og nokre fotballar, noko som blei godt motteke.


- Borna blei veldig glade for alle kleda! Stort sett er det berre jenter som jobbar frivillig her, så besøk av gutane var veldig populært. Dei fekk ikkje fred. Karane er jo veldig høge, og det blei kamp om å få sitja på skuldrene. Eg trur Kjetil hadde opp mot fire born på rygg og nakke samstundes ei stund, fortel Trude Husabø.


Bangkok

Akkurat no er karane i Bangkok. Der blir dei berre eit par dagar før turen går sørover i Thailand, men likevel har karane allereie greidd å stella i stand litt ekstra.


- Eine utfordringa me fekk i Bangkok gjekk ikkje heilt etter planen. Me rota oss inn på ein bar der eg ikkje slapp ut før eg betalte til den thailandske mafiaen sin innkrevjar. Så eg vart 7.000 thailandske BAT fattigare, men det gjekk bra der også. No siktar me oss inn på sol og varme strender lenger sør, og rolegare dagar. Håpar me, avsluttar Helge.


Følg med

Kva han legg i ordet roleg, står att å sjå. Reisebreva frå HEIK består hovudsakleg av filmar som dei sender Sogn Avis. Dette er ei oppsummering frå ulike plassar karane besøkjer.


Gjengen frå Sogn er nokre friskusar som nett er ferdig med vidaregåande skule. Og vil sjå litt av verda før dei går vidare på sin veg i livet. Dei fire karane er. Kjetil Moen Eide, Elias Saltnes, Idar Bø og Helge Nesse Slinde.


Vil du lesa og sjå alt på sognavis.no? Bli digital abonnent. Første månaden for berre 50 kroner.


Les meir om: Nyhende Video

Siste saker Gå til framsida