HEIK har laga ein uoffisiell musikkvideo på Kjartan Lauritzen sin låt Batteri.

HEIK utan batteri

Turen til karane i HEIK går mot slutten, denne veka er dei i USA, og til helga skal dei etter planen lande i Noreg att.

Publisert 17.05.2017 kl. 20.00.

Eine oppdraget HEIK har fått frå ein av lesarane til avisa, er å laga ein musikkvideo.  Men i manko på musikalske ferdigheiter har dei gjort ein uoffisiell musikkvideo på Kjartan Lauritzen sin låt Batteri.


Tropisk varme

Musikkvideoen er hovudsakleg spela inn på Fiji, men det er også klipp frå USA og Australia. Regi bak filmen er som med dei andre videoinnslaga avisa har fått, Helge Nesse Slinde. Han forklarar det slik:


- Mesteparten av videoen laga me på Fiji, i tropisk varme. Ein plass ein reiser for å lade batteria litt. Alle som er med i videoen er folk me har møtt på turen. Ei historie verdt å nevna er karen på skateboard. Tom Erik Ryen er nordmann, men flytta til Los Angeles for ti år sidan for å skata, noko han no lever av. Han har også vore med i musikkvideoen til Markus og Martinus. Og no, også i Kjartan sin «unofficial». Me sendte han ei melding og sa ja med ein gong, forklarar Nesse Slinde.


(Artikkelen held fram under videoen)



- Kreativt

Videoen fall også i smak hjå artisten bak låta sjølv. Kjartan Lauritzen er artistnavnet til Per Àki Sigurdsson Kvikne, frå Balestrand. Bygderapparen har for alvor slege seg opp siste par åra.

- Det var ein morsom video, kreativt. Den inneheld masse feite «classics» som tilhøyre ein rap-video. Her finn ein både damer, strender, feite bilar, skating og god stemning, heilt knall.

Kjartan Lauritzen sin musikk har vore nytta i fleire av episodane frå HEIK, og er grunnen til at gjengen no også fekk i oppgåve å laga ein video til ein av dei.

- Filminga gjekk greit den. Det er jo kva ein kan kalle ein amatørproduksjon, med seinka skuldrar. Me seinka skuldrane lenge før me byrja reisa vår, så det står i stil, heilt klart, hevdar Nesse Slinde.


Rockefeller



Kjartan Lauritzen treng i allefall fullada batteri når han no startar på sommaren.

-  Det blir mykje festivaljobbing på oss framover. Me skal spela fjorten konsertar frå juni til august. Fleire av dei store festivalar, til dømes Malakoff, Slottsfjell, Vinjerock og Bergensfest. Lokalt kjem me på vitjing til Lustrabalder, fortel han. I tillegg skal eg «headline» på sjølvsaste Rockefeller til hausten, det blir stort.

Å spela som hovudattraksjon på Rockefeller er nok kvar musikar si draum. Lokalet i Oslo tek eit publikum på 1500. Ein draum so går i oppfylling for balestrendingen.

- Det er ein draum eg alltid har hatt. Greier me å selja ut Rockefeller, blir det stas. Det neste steget etter den plassen er jo Oslo Spectrum. Det blir den heilt klart største jobben eg har gjort, åleine. Litt skremmande, men eg ser fram til den jobben.

Innimellom slaga og som oppladning til det største skal Per Àki roa ned heime hjå foreldra i Balestrand.

- Det vert aldri ein fullgod sommar om eg ikkje er heime i Balestrand. Det blir heim å kosa seg med familien mellom konsertane. Eg må også planlegga konserten til hausten på Rockefeller. Samt det kjem ein ny singel i juni månad.


Siste episoden

Tilbake til USA. HEIK landar i Noreg førstkommande laurdag, kansje like greit dei fann vegen heim no.


- Det blei ikkje dei store skandalene under innspelinga av vår versjon av «Batteri» Men no har eg mista både kredittkort og førarkort, så det er godt turen nærmar seg slutten. Pengane nærmar seg slutten. Me har også litt meir film på lager, så litt meir frå USA og Fiji kjem nok ganske så snart.


Så medan ein ventar på siste HEIK reportasje, kos deg med den uoffisielle videoen av Kjartan Lauritzens «Batteri».


Les meir om: Nyhende Video Ung

Siste saker Gå til framsida