FÅR PRIS: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand får pris for eineståande innsats på beredskapsfeltet. (Arkivfoto)

Heidra for sterkt engasjement for beredskap

Haavard Stensvand får pris i Oslo i dag.

Publisert 16.04.2018 kl. 15.08. Oppdatert kl. 15.10.

Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, får Kvinners Frivillige Beredskap sin Beredskapspris. 

Prisen vart stifta i 2008 med føremål om å setje beredskap på dagsorden. Aktuelle mottakarar er enkeltpersonar i forsvarsrelatert eller sivil sektor som "gjennom personleg innsats og sterkt engasjement har bidrege til å betre beredskapen i det norske samfunn", melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 


Beredskap i praksis

Av faktorar som gjorde at det i år er Haavard som får æra av å ta imot denne prisen, vert det mellom anna nemnt at han er oppteken av at beredskapen skal fungere i praksis og at lærdom etter hendingar skal vere med å betre beredskapsarbeidet, at han er god til å gi konstruktive tilbakemeldingar på førespurnadar frå kommunane og DSB, og at han har sett beredskapsarbeid på kartet i fylket. I tillegg vert rolla som initiativtakar til etablering av læringsnettverk, samarbeid mellom kommunar og utvikling av IKT-verktøy for risiko- og sårbarheitsanalysar trekt fram, melder Fylkesmannen. 


Juryen består av tidlegare stortingspolitikar, Signe Øye; oberstløytnant i Forsvarsstaben, Henning Skøien; administrasjonsleiar i Personellforbundet, Inger Løwen; nestleiar i Norges Kvinne- og familieforbund, Wenche Rolstad og forbundsleiar i Norges Lotteforbund, Nina Karin Skogan. Dei konkluderer med at Haavard sin innsats er eineståande, og at han er ein verdig ambassadør for beredskapssaken.


- Veldig stas

Stensvand er svært takksam for at arbeidet han legg ned vert sett pris på:
- Eg tykkjer det er veldig stas å få ros for arbeidet eg gjer. Eg ser og prisen som ei viktig anerkjenning av det arbeidet som eit samla beredskapsmiljø i fylket gjer, ikkje minst ved at me er flinke til å jobba tett saman når noko skjer, seier fylkesberedskapssjefen.

Utdelinga av prisen finn stad på Totalforsvarskonferansen 2018 på Litteraturhuset i Oslo.


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida