Havyard byggjer fem nye ferjer

Publisert 05.03.2018 kl. 16.53.

Fjord1 har skrive kontraktar på bygging av fem ferjer med Havyard Ship Technology i Leirvik. I tillegg har Fjord1 skrive to kontraktar med Cemre Shipyard i Tyrkia.


Alle ferjene skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi basert på elektrisk framdrift, skriv Fjord1 i ei pressemelding.


Dei fem fartøya som Havyard Ship Technology leverer, skal inn i sambanda i «Nordmørspakken» (Kvanne-Rykkjem, og Edøya-Sandvika), og «Rutepakke 1, Hordaland» (Fedje-Sevrøy, og Langevåg-Buavåg). Dette er ferjer med inntil 50 personbileiningar. Dei to ferjene frå Cemre Shipyard skal inn i sambandet Seivika-Tømmervåg, og har kapasitet til 80 personbileiningar. 


Dei sju ferjene vert overleverte til Fjord1 hausten 2019.


Siste saker Gå til framsida