(Foto: Arkiv)

Har utsett tilsetjinga av ny toppsjef

Helse Førde treng meir tid på å få på plass ny administrerande direktør.

Publisert 03.10.2017 kl. 16.02.

På heimesida opplyser helseføretaket at  det er behov for meir tid for å sikra eit best mogeleg tilfang av søkjarar til den viktige stillinga som administrerande direktør for Helse Førde.
«Tilsetjingsutvalet ønskjer difor å forlenga søknadsfristen til 20. oktober 2017, og har kome fram til at dette er ei god løysing for den vidare prosessen», skriv helseføretaket. Det er ein månad seinare enn den første søknadsfristen.
«Det vert arbeidd godt i tilsetjingsutvalet. Utvalet har som mål at utviding av søknadsfristen skal bidra til ein god tilsetjingsprosess, slik at ein er trygg på å få fram dei beste kandidatane til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde», skriv helseføretaket på heimesida.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida