SAMRØYSTES: Eit samrøystes styre står bak konstitueringa av Børge Tvedt, som kom til Helse Førde som direktør for psykisk helsevern i november i fjor. (Arkivfoto)

Har tilsett konstituert direktør i Helse Førde

Børge Tvedt konstituert som Helse Førde-topp.

Publisert 26.05.2017 kl. 12.46. Oppdatert kl. 13.01.

Styret i Helse Førde har i dag konstituert Børge Tvedt (45) som administrerande direktør i Helse Førde. Tvedt skal fungere i stillinga fram til ein ny administrerande direktør er tilsett, heiter det i ei pressemelding frå Helse Førde.


Frå Bergen

Eit samrøystes styre står bak konstitueringa av Tvedt, som kom til Helse Førde som direktør for psykisk helsevern i november i fjor. Før dette var Tvedt rådmann i Jølster kommune. Konstitueringa skjer etter at Jon Bolstad tidlegare denne veka sa opp stillinga som administrerande direktør for å gå over i den tilsvarande stillinga i Sjukehusapoteka Vest.


Børge Tvedt er opphaveleg frå Bergen, men har budd og arbeidd i Sunnfjord sidan 1997. Han er gift, og har to barn.


- Helse Førde står framfor store utfordringar. Blant dei viktigaste oppgåvene mine blir no å sjå til at det utviklingsarbeidet som er starta opp i Helse Førde blir vidareført i samarbeid med dei tilsette, seier Tvedt.


Leiger inn ekstern hjelp

Styret i føretaket har også oppnemd eit eige utval som skal arbeide med tilsetjing av administrerande ny direktør i Helse Førde. Dette utvalet på fem består av Helse Førde sin styreleiar Agnes Landstad, styrenestleiar Atle Hamar, Helge Bryne frå Helse Vest samt to av dei tilsettevalde styremedlemmene i Helse Førde, Hans Jacob Westbye og Wenche Kristin Røkenes.


Styret har også beslutta at Helse Førde skal leige inn ekstern hjelp i prosessen med å rekruttere ny administrerande direktør.


- Me er opptekne av å komme i gang med rekrutteringsprosessen raskast råd, og har første møte i tilsetjingsutvalet allereie i dag, seier styreleiar Agnes Landstad.


Etter endt prosess skal tilsetjingsutvalet komme med si tilråding til styret som tilset ny administrerande direktør i Helse Førde.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida