VILTBAND: - Til no har me sendt ut nærmare 200.000 viltband til viltnemnder, fallviltgrupper, ettersøksringar og andre i over hundre kommunar godt spreidde over landet, fortel Jetlund, som er prosjektleiar i Vilt og trafikk. (Pressefoto)

Har sendt ut 200.000 viltband som skal hindra påkøyrsler

Mange påkøyrsler av elg, hjort og rådyr gjennom mange år var bakgrunnen for ein landsomfattande kampanje.

Publisert 05.03.2018 kl. 15.48.

I snitt blir over 5.000 elg, hjort og rådyr drepne i trafikken i Noreg kvart år.


Prosjektet Vilt og trafikk og kampanjen Vilt på ville veier vart starta for å få ned dette talet.


- Det einaste som i realiteten kan redusera risikoen for viltpåkøyrsler slik situasjonen er no, er åtferda til sjåførane - det vil seia nedsett fart, vaktsemd og kunnskap om korleis dyra oppfører seg, meiner Knut Erik Jetlund frå Valdres, som driv kampanjen på dugnad.


Viltband

Som del av kampanjen er det laga gule viltband som folk bli oppmoda om å ha i hanskerommet på bilen.


Viltbåndet gjev informasjon om korleis sjåføren kan redusera risikoen for påkøyrsel og om kva ein skal gjera om uhellet er ute.


Bandet er også laga slik at det kan brukast til å merka ulukkestaden dersom viltet stikktil skogs etter påkøyrselen. Då kan fallviltmannskapa kome raskt i gang med ettersøk og avslutte lidingane til dyret, går det fram av ei pressemelding frå prosjektet Vilt og trafikk og kampanjen Vilt på ville veier.


200.000

Kampanjen Vilt på ville veier vart dregen i gang hausten 2015 .


- Til no har me sendt ut nærmare 200.000 viltband til viltnemnder, fallviltgrupper, ettersøksringar og andre i over hundre kommunar godt spreidde over landet, fortel Jetlund, som er prosjektleiar i Vilt og trafikk.


Ifølgje pressemeldinga kan talet på daude dyr i trafikken i år bli det høgste på mange år. Årsaka er store snømengder i område med mykje hjortevilt. Det vert peika på at statistikken kan bli verre etter denne vinteren også fordi det i utsette område er innført fôringsforbod på grunn av skrantesjuke.


Samarbeid

Samarbeidsprosjektet Vilt og trafikk vart starta i Hallingdal i 2010, som eit samarbeid mellom viltnemnder, Bane Nor og Statens vegvesen. Bakgrunnen var mange påkøyrsler av elg, hjort og rådyr gjennom mange år på både veg og jarnbane.


Politiet har vore ein del av prosjektet frå starten, og etter kvart kom også Norges Lastebileier-Forbund, Norges Automobil-Forbund og Mattilsynet med.


- Må melda frå

- Sjølv om me no har byrja på den første vårmånaden, må me rekna med framleis stor risiko for viltkollisjonar i mange veker. Difor håper me å kunne senda ut dei 40.000 banda me har att på lageret og som me leverer til sjølvkost, seier Jetlund, og minner om at du er plikta å varsla politiet på 02800 om påkøyrsel sjølv om du trur at dyret er uskadd.


Siste saker Gå til framsida