Måndag ettermiddag rasa det ved Ljøsne i Lærdal.

Har gått ras ved Ljøsne - fleire geiter skal vera tekne

Det har gått eit større ras i fjellsida ved Ljøsne i Lærdal.

Publisert 09.07.2018 kl. 15.07.

Raset skal ha gått måndag ettermiddag. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.


- Raset er nokså stort, og det kom høgt oppe i fjellsida. Heldigvis har det stoppa nede i skreda, så det er ikkje så mykje synleg, seier bonde Gro Agnete Nybø, til NRK.


Bonden blei vitne til at steinane drap fleire av geitene hennar. Nybø seier at ho førebels manglar fire - fem geiter, som ho reknar med vart tekne av raset oppe i fjellsida. I alt har ho om lag 30 geiter i området.


- Dette er kjempetrasig og ikkje noko kjekt å oppleve. Det går små ras av og til, men det er ikkje ofte det går så store ras som dette. Sist gong var for ti år sidan, men den gongen gjekk det bra med dyra, seier Nybø til NRK.


Siste saker Gå til framsida