FEKK JOBBEN: Det var seks søkjarar til stillinga som rådmann i Høyanger. Kjellaug Ekse Brekkhus har fått tilbod om jobben. (Arkivfoto)

Har fått ny rådmannsjobb

Kjellaug Brekkhus, rådmann i Balestrand, blir ny rådmann i nabokommunen.

Publisert 19.12.2017 kl. 14.14.

Kommunestyret i Høyanger vedtok tysdag å tilby jobben som rådmann i kommunen til Kjellaug Brekkhus, melder Firda.

- Eg gler meg veldig til å byrja i jobben. Eg har det fint som rådmann i Balestrand og, men om to år er her jo ingen rådmannsjobb lenger, seier Kjellaug Brekkhus til avisa.

Balestrand skal bli ein del av nye Sogndal kommune, saman med Sogndal og Leikanger, og Stig Arne Thune er tilsett som rådmann i den nye storkommunen

Det var seks søkarar til stillinga som rådmann i Høyanger. Arve Varden, som er rådmann i Høyanger i dag, er tilsett som administrerande direktør i Helse Førde.

 
 

Siste saker Gå til framsida